Re:_Klassekampen_i_elektronisk_utgåve

Oddmund Garvik (garvik@serveur.interliger.fr)
Thu, 18 Dec 1997 14:17:36 +0000

Le 18 Dec 97 =E0 22:39, Trond Andresen a écrit:

> Kan du ikke slutte med dette grinebiteriet, Garvik? Vi synes Jo
> Ryste er umåtelig vennlig når han svarer deg slik han gjør, på tross
> av at du har brukt det aller meste av din skriveførhet til
> mistenkeliggjøring av den sittende redaksjon (noe du gjør også i
> dette siste innlegget ditt), til å erklære at du ikke vil stille opp
> for KK f.eks ved å skrive fra Frankrike, og til å erklære at du ikke
> vil abonnere på den(!).
>
> Vi skriver gratis i avisa, og vi har videre tilbudt oss å betale
> abonnement for den i elektronisk versjon. Hvorfor i all verden
> skulle en så hardt pressa stab som den i KK legge to pinner i kors
> for å sende DEG avisa - til og med GRATIS???

Eg sende først eit par høflege spørsmål til Jo Ryste om betatestinga.
Då eg ikkje fekk svar, heva eg tonen, og nemnde dette med kritikken
min av AKP som "eksklusjonsgrunnlag". Ryste kom med svaret sitt, og
eg sende attende eit svar der eg m.a. skreiv:

> Du har sjølvsagt rett i dette. Det kan hende eg var litt krass i
> kanten og urimeleg, og eg trekk tilbake det eg sa. Eg har jo ikkje
> interesse av å krangle med *deg*. Eg forstår at det kan vera litt
> vanskelege tider i redaksjonen med alle oppseiingane, og omleggjing
> av rutiner. Har du i tillegg vore sjuk, forklarer det alt. Lat oss
> håpe det går rett veg no.

Eg forstår altså at redaksjonen arbeiderer under harde forhold, og at
dei har det travelt. Eg har til og med sendt ei hyggjeleg melding
til Michelet, der eg rundar av nokre av utfalla mine.

På den andre sida forstår eg også at å skrive som eg gjer, *kan*
føre til at folk blir motviljuge. Det kan lett bli ein
sjølvoppfyllande profeti...

Dette med at Andresen gong på gong kallar skriveria mine for
"grinebiteri", verkar ikkje særleg fantasifullt. Det er hakk i plata,
og eg har i grunnen ingenting å svara til slikt. Har han/dei fått meg
opp i vrangstrupen, er det lite å gjera.

Dei verkar elles ikkje særleg oppdaterte på innlegga mine. Dei seier
"at du ikke vil stille opp for KK f.eks ved å skrive fra Frankrike,
og til å erklære at du ikke vil abonnere på den(!)". Eg er ikkje
innom KK-forum så ofte, men eg skreiv vitterleg noko anna i
meldinga "Re: admiralen snudde" 10/12:

http://www.itk.ntnu.no/ansatte/Andresen_Trond/kk-ffra0311970341.html

Ingen får tilsendt den elektroniske KK, ein lastar ho ned sjølv. Eg
har elles aldri forlangt å få noko gratis, eg berre spurde om eg
kunne vera med på betatestinga. Jo Ryste lova meg eit svar, osb.

Kor mykje enklare hadde det ikkje vore å seia NEI straks i staden for
å la det skure?

Vel, vel, eg har eit argusauge på avisa likevel. Eg får sendt nedover
eit representativt utval i ny og ne, litt på etterskot. Og så har eg
ein masse andre interessante aviser. Eg skal nok overleve.

Oddmund Garvik