VS:_Når_sant_skal_sies..._Av_Aksel_Nærstad

Olve Steinset (olves@online.no)
Thu, 18 Dec 1997 10:31:58 +0100

Oddmund Garvik skriv:

>Olve Steinset skal liksom vera "uavhengig". Han må vera ein av dei
>"snille" som Geir Sundet snakka om nyleg. Dette med
>"klasseinteresser" er no det store, nye argumentet til AKP, og
>nikkedokkene fylgjer trufast opp.

Tja, dersom det å ikkje lenger vera medlem av AKP er å "liksom vera uavhengig" - ja, så er eg vel det då - "liksom uavhengig". Har "smaka" litt på det, og det kjennest ikkje så beiskt ut. Dersom det er eit problem for deg Oddmund Garvik - ja, så slit det med helsa.

Om Geir Sundet skulle synest at eg er "snill" så opplev eg heller ikkje det som nokon belastning. Eg kjenner han rett nok ikkje, likelite som han kjenner meg - så han har vel ikkje så godt grunnlag å vurdera det på.

Dersom det stemmer at "dette med klasseinteresser er no det store, nye argumentet til AKP", må eg sei at eg undrar meg noko. Eg trur det var i 1959 eg, som unge, for fyrste gong fekk vera med bestefar min til Folketshus på møte i "foreininga" - allereie då var dette eit godt innarbeida begrep i arbeidarrørsla her på min heimstad. Så i høve til spørsmålet om klasseinteresser nikkar eg det beste eg kan til dei eg delar synspunkt med. At du ikkje likar det, Oddmund Garvik, plagar ikkje meg.

>Aksjefordeling er ikkje viktig lenger. Nei, ikkje etter "at AKP på
>generalforsamlinga i Klassekampen gikk imot en eierbegrensning på
>20%, men stemte gjennom at ingen nye eiere skal kunne ha mer enn 3,7
>prosent av alle aksjene (hvis alle de nye aksjene blir solgt, og 4,2
>prosent om det selges nye aksjer for 2 millioner kroner). AKP har
>gjort det klart at partiet vil beholde den absolutte makta over avisa
>med å eie minimum 49,7 prosent av aksjene (i tillegg kommer de
>aksjene lokale AKP-lag og enkeltmedlemmer eier), og forhindre at noen
>andre har mer enn 3-4 prosent."
>
>AKP vil ikkje at nokre aksjonærer skal få ein dominerande posisjon i
>avisa...bortsett frå den AKP alt har.
>
>Ja, ja, Olve Steinset ber om at ein ikkje held han for narr. Det er
>ikkje nødvendig. Dei gjer narrar av seg sjølve, både han og
>"fortroppen".
>
>
>Oddmund Garvik

Så tok du ikkje poenget i det eg skreiv, det er så - alt skal ein ikkje krevja.

MHH Olve Steinset