Re:_Når_sant_skal_sies..._Av_Aksel_Nærstad

Oddmund Garvik (garvik@serveur.interliger.fr)
Thu, 18 Dec 1997 08:10:47 +0000

Le 17 Déc 97 =E0 10:56, Olve Steinset a écrit:

> Aksel Nærstad du
> skriv, sitat: " Jeg mener Klassekampen må være en reell front for
> venstresida der verken AKP eller noen andre grupper skal kunne
> presse gjennom sitt syn mot alle andre." Eg skulle sett pris på at
> du tok deg tid til å definere kva du legg i omgrepet "venstresida",
> for først då kunne eg taka stilling til om eg er samd med deg i om
> Klassekampen skal tene desse interessene eller ei - det handlar om
> kva slags klasseinteresser denne fronten skal tene. For meg er det
> viktigare enn fordeling av aksjar.

Olve Steinset skal liksom vera "uavhengig". Han må vera ein av dei
"snille" som Geir Sundet snakka om nyleg. Dette med
"klasseinteresser" er no det store, nye argumentet til AKP, og
nikkedokkene fylgjer trufast opp.

Aksjefordeling er ikkje viktig lenger. Nei, ikkje etter "at AKP på
generalforsamlinga i Klassekampen gikk imot en eierbegrensning på
20%, men stemte gjennom at ingen nye eiere skal kunne ha mer enn 3,7
prosent av alle aksjene (hvis alle de nye aksjene blir solgt, og 4,2
prosent om det selges nye aksjer for 2 millioner kroner). AKP har
gjort det klart at partiet vil beholde den absolutte makta over avisa
med å eie minimum 49,7 prosent av aksjene (i tillegg kommer de
aksjene lokale AKP-lag og enkeltmedlemmer eier), og forhindre at noen
andre har mer enn 3-4 prosent."

AKP vil ikkje at nokre aksjonærer skal få ein dominerande posisjon i
avisa...bortsett frå den AKP alt har.

Ja, ja, Olve Steinset ber om at ein ikkje held han for narr. Det er
ikkje nødvendig. Dei gjer narrar av seg sjølve, både han og
"fortroppen".

Oddmund Garvik