Gamle menn - og unge menn

Hekon Kolmannskog (haakon@feskar.net)
Wed, 17 Dec 1997 21:18:09 +0100

DETTE ER EIT INNLEGG FRÅ HANS OLAV BRENDBERG:

Gamle menn - og unge menn

Til Magnus Marsdal, Tore Linné Eriksen og Tron Øgrim: Eg har med stigande
undring fylgd det vesle ordskiftet dykkar om folk og fiendar. I tunge
stunder har eg det slik at eg plar lesa "Fossegrimen" frå det glade 50- og
60-tal til kveik og oppbyggjing. I tidsskriftet er det ein "gamal" mann -
Torolf Solheim - og ei rekke unge menn: Einar Økland, Klaus Hagerup og
mange fleir. Damer er det få av. Kvaliteten i tidsskriftet varierar: Den
gamle mannen imponerar mest alltid. Dei unge - varierar. Av og til dårleg,
av og tid særs godt. Men den gamle mannen har alltid godord til overs: Her
skal lesarane verkeleg møta det unge, det friske, den nye tida si røyst. Og
so gror det i fotspora etter den gamle mannen.

Sjølv har eg etter fattig evne freista å gå i fotspora etter desse "unge"
som vart politisk vaksne på slutten av sekstitalet. Mykje godt kan seiast
om dei. Men det gror ikkje etter dei - anten dei no endte opp i AKP, RV, SV
eller andre stader. Trass i alt oppriktig engasjement som i ettertid har
kome når det gjeld menneskesyn, handsaming av folk og oppgjer med gamle
feil: 70-talskulturen på norsk venstreside er og blir ein gråbeinkultur.
Sjølv trivst eg no på eit vis med dét - men dei fleste eg har arbeidt saman
med i ymse slags politisk arbeid dei siste ti åra har for lengst funne seg
anna å bruka livet sitt til enn den politiske venstresida i Noreg. Og eg
forstår dei godt.

Det har vore ein hard politisk samanstøyt kring avisa Klassekampen i haust.
Dei som meiner dei har heile retten på si sida i denne samanstøyten, meiner
eg bør kjøpa seg nye brillor. No etterpå trur eg nokon kvar står seg på å
vera litt forsiktig i jakta på rettferd og sanning. Dette har kosta litt
for nokon og ein kvar.

Til Magnus Marsdal: Du vil skilja millom folket og fienden. Bra! Men gjer
du eigenleg det om du heng lett synlege lappar på folk? Eg trur kanskje du
bør studera skrifta sine ord om å vera slu som ein orm, men fredsæl som ei
duva når du skal ut og vinna verda. Til Linné Eriksen: Innlegget ditt var
elegant og mesta litt uangripeleg ironisk. Men kan henda traff du litt
utilsikta: Det er vel ikkje heilt sikkert at folk synest det er rettferdig
å bli slege i hartkorn med, og trekt til ansvar for, overtramp og
grøftekøyring som skjedde om lag på den tida dei var fødde? Sjølv om du (og
eg?) synest Marsdal stiller seg lageleg til hogg - høgg me?

For å vera litt tydeleg: Mi røynsle med å vera tjue år yngre enn
femtiåringane på venstresida, er at problemet er at alt du seier og alt du
gjer blir tolka inn i ein kontekst som er usynleg for dei som ikkje "var
tilstades der og då". Difor kan du aldri spå kva reaksjonar du fær: Anten
blir folk blodig fornærma, elles so kjem nokon og kviskrar deg i øyra "høyr
her, guten min - det er ting du ikkje skjønar". I praksis har du tre ting
du kan gjera: 1. Forsøka tilpassa deg røynsler du sjølv ikkje har, og
grenser du sjølv ikkje ser. I lengda er det ein strategi for å gå til
grunne som sjølvstendig, politisk tenkjande menneske. 2. Alternativet er å
gå opp sine eigne stiar - utan å ta serleg omsyn til protestar og
øyrekviskring. 3. Ser du ikkje nokor framtidsvon i desse to strategiane,
kan du sjølvsagt halda kjeft i von om at femtiåringane vert klokare når dei
nærmar seg sytti.

Difor til slutt til deg, Tron Øgrim: Eg lyt nok utnemna deg til sjølve
sjefsgråbeinen denne gongen. Det er nokre små, menneskelege ting eg trur du
må ha oversett litt når du oppmodar Tore Linné Eriksen om å lesa Magnus
Marsdal sitt svar som ein "ufrivillig parodi". I staden for å forklåra, vil
eg vera kryptisk: Alle dykk der ute - bla tilbake i avisbunken for i haust,
og leit etter ufriviljuge parodiar. Om de ikkje har elefantminne, men
datakraft: Prøv søkeordet: "Tron Øgrim".

Hans Olav Brendberg