SV:_Når_sant_skal_sies..._Av_Aksel_Nærstad

Olve Steinset (olves@online.no)
Wed, 17 Dec 1997 10:56:05 +0100

Eg skal vakta meg vel for å komma i frontlina mellom partane i den noko eksklusive krangelen mellom leiande figurar i partiet AKP og vørdne personar frå "Foreningen og fondet for venstresidas dagsavis", - likevel, eg kan ikkje heilt dy meg. Kan ikkje dy meg når ein opplev at desse, i ein primitiv krangel om kven som sa kva når og gjorde eine og hint der og då, så til dei grader ivrar for å gjera seg sjølv til lott og løye. Dette er, vener, PINLEG FØREJUL MORO - de har, alle som ein, krav på større aktsemd og respekt enn kvar desse gjensidige skuldingane bringar dykk. Kven skal, med truverd, verifisere desse gjensidige skuldingane dykkar? Kvifor skal eg, og eg vil tru fleire med meg, tru meir på Asgeir Bell enn på Aksel Nærstad - eller omvendt? Eller meinar de verkeleg at, slike som meg, skal taka stilling til påstandane dykkar ut frå kven eg støttar i synet på Klassekampen? Hald meg ikkje for narr!!

Aksel Nærstad du skriv, sitat: " Jeg mener Klassekampen må være en reell front for venstresida der verken AKP eller noen andre grupper skal kunne presse gjennom sitt syn mot alle andre."

Eg skulle sett pris på at du tok deg tid til å definere kva du legg i omgrepet "venstresida", for først då kunne eg taka stilling til om eg er samd med deg i om Klassekampen skal tene desse interessene eller ei - det handlar om kva slags klasseinteresser denne fronten skal tene. For meg er det viktigare enn fordeling av aksjar.

MHH Olve Steinset