Re: Gjentar spxrsmelet til Michelet

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Mon, 15 Dec 1997 09:37:01 +0100

Magnus Marsdal wrote:
>
> Redaktøren er ikkje ved sin PC, og vil ikkje vera det før tysdag.
>
> Fram til då:
>
> Etter det eg veit er ikkje avgjerda omgjort. Men sidan ideen er å laga
> ein større bolk med KK-debatt, er det ikkje gjort på 2 dagar å få
> dette i orden.
>
> Men det kjem, det kjem.
>
> Derom ikkje anna blir bestemt.
>
> Magnus E. Marsdal
> KLASSEKAMPEN

Dette gjeld spørsmålet om å trykke ein spesialbolk med debattinnlegg,
med utgangspunkt i utspela frå Allern og Nærstad. Det er interessant at
Marsdal presenterer dette som ei _avgjerd_; Admiralen sjølv har berre
lagt det fram som eit forslag, etter det eg har sett.

Eg tek derfor oppatt spørsmålet mitt frå 11. desember, sjå
http://www.itk.ntnu.no/ansatte/Andresen_Trond/kk-ffra0311970347.html:
>Har Admiralen snudd, eller spreier han skodde? Kan dette vere ei
>krigslist som går ut på å vise godvilje og håpe på at "spesialbolken"
>glir ut i ingenting?

I det same innlegget foreslår eg ein praktisk måte å gå fram på:
>1) KK tilbyr Allern og Nærstad kvart sitt innlegg på vanleg debattplass.
>Dei kan bruke dei tekstane dei alt har skrive, eller lage nye.
>2) Redaktøren skriv eit kort svar der han rettar opp det han meiner er
>direkte feil.
>3) Svarinnlegga som kjem, blir samla opp til ein spesialbolk som blir
>trykt f.eks. to veker seinare. Det må kunngjerast ein frist for
>innsending.
>4) Vidare debatt kan også samlast i spesialbolkar. Dette bør vurderast
>ut frå omfanget og om saka taper interesse etter kvart.

Allern og Nærstad har sjølvsagt ikkje krav på spesialbehandling fordi
dei er viktige personar, men fordi dei har viktig informasjon, og fordi
innlegga deira har utløyst ein lang debatt her på forumet.

KK må no lufte skikkeleg ut og gjere kjent kva som hende i samband med
redaktørskiftet. Ikkje for å grave i gammal skit, men fordi avisa og
spesielt eigarane treng tillit hos lesarar og venner (utover
partirekkjene). Utan tillit, inga vellykka aksjeutviding. Så lenge denne
debatten blir undertrykt, blir det hengande att eit inntrykk (som
kanskje er feil) om at nokon har noko å skjule, og at redaktøren ikkje
er så fri i forhold til AKP som han påstår.

Håpar admiralen/redaktøren kan sjå alvorleg på dette når han kjem
attende til PC-en. God jul!

Lars Staurset