REKLAME

Magnus Marsdal (magnus.marsdal@klassekampen.no)
Fri, 12 Dec 1997 13:07:53 +-100

Når det gjeld reklame:

Eg vil berre ta meg tid til å melda eit lite paradoks:

Even Gran er veldig kritisk til ein forsikringsreklame i KK, fordi han har eit ideologisk innhald som er skadeleg for "venstresidas kamp" eller deromkring. Han meiner KK ikkje skal prenta slikt. Spørsmålet blir:

Føreset Gran at andre lesarar er mindre oppvakte enn han sjølv? HAN er jo KJEMPEKRITISK til innhaldet i denne reklamen, og kan jamvel analysera det ideologiske innhaldet. Kva med dei andre som les KK? Er dei ukritiske? Trur dei på denne ideologien? Eller les dei reklamen slik KK-lesar Even Gran gjer?

Då var paradokset meldt.

****

Sjølv meiner eg vi må ta inn lysingar som denne. Lysinga er "politisk feil" og litt reaksjonær, javel, men såpass romslige er vi da faktisk på redaksjonell plass også, så kvifor ikkje på reklameplass, som alle VEIT er kjøpt og betalt.

Det eg derimot er mot er reklame som byggjer opp under kvinneundertrykkjing og rasisme; altså ideologiske åtak på den slags undertrykte grupper. Til dømes meiner eg at bind-reklamen KK prenta for eit par år (
) sidan var såpass "trad. og patriarkalsk kvinnebilete" at eg meiner han var heilt på kanten og truleg over kanten òg.

Magnus Engen Marsdal