Allern=2C_Nærstad=2C_Michelet=2C_Solvei=2C_Asgeir_m.f.

Olve Steinset (olves@online.no)
Wed, 10 Dec 1997 15:46:34 +0100

Det vert høgt under taket når himlingen råtnar!

Hmmmmmmm - dette politiske landskapet er svarten ta meg ikkje lett å verta klok av. Her vert redaktørar til admiralar og sidan, av ein eller annan grunn til høner og ikkje hanar - for høner og særleg knehøner legg betre egg enn hanar som ikkje legg egg i det heile teke. Dessutan er det vist nok berre admiralar av knehøne typen som kan føre ei skute i opprørt vatten på tørre landet i Klassekampens redaksjonslokale - SPAR MEG!!

Puuuhhh - Knehøner verper dei BESTE EGGA! Ropar røktar kvinna frå Sydney - ho Solveig, medan reven Allern og hauken Nærstad freistar jaga knehøna or vaglet og ut av hønsegården med fare for eige liv og å verpa egg der ein knappast vil finna dei att. Heldigvis kjem gardbikkja Bell gnaldrande rundt hjørne på våningshuset og bergar det heile i siste stund. GODT DET SNART ER JUL, med fred på jord og heile skiten!! GUD BETRE!! Det haile vert nøye vakta av korifeen kamerat Mest Marxistisk, han med hette over hovudet - ikkje lett å kjenna att.

Ærleg tala folkens, er ikkje denne akta i tragikomedien "Klassekampens ve og vell" snart over? Denne til stadig attende vendinga til kven som gjorde kva når og sa ditt og datt og laug det eine og hitt til den eine og andre - bringar oss ikkje ein millimeter framover. Vere så snille å slutte opp med dette tullet, dette rablet er mindre verdt enn ei tørr skorpe i flesketida.

JAUDÅ!
MHH Olve Steinset