Uinteressant avis?

Oddmund Garvik (garvik@serveur.interliger.fr)
Tue, 9 Dec 1997 16:10:25 +0000

Først skreiv eg:

>> ei lita, marginal avis i eit lite land i utkanten av verda.

Så skreiv Olav Randen:

> Garvik skriv at Klassekampen er ei lita og uinteressant avis
> i eit lite land i utkanten av verda. Han tek feil frå ende
> til annan. Noreg er ikkje eit lite land, ...osb.

Det er ikkje så veldig viktig, men berre for å ha sagt det: Marginal
vil ikkje nødvendigvis seia uinteressant, ofte tvert imot. Eg har fått
sendt nedover nokre eksemplar av "nye" Klassekampen nyleg, og tykkjer
ikkje det er ei uinteressant avis... til tider er ho til og med bra.

Det er elles ikkje gale, eller mindreverdig å vera eit lite land i
utkanten av verda, berre ein er klår over det. Problemet oppstår når
proporsjonane blir "forstyrra". Eg kjenner godt til dette norske
sjølvbiletet du legg fram, men eg må diverre seia at det berre er eit
sjølvbilete, og at det er litt overdrive. Det gjer ingenting så lenge
det er til internt bruk. Blir det bruka andre stader, smiler ein
gjerne av det. Noreg har mange kvalitetar, men "mammutsjuken" høyrer
ikkje til desse.

Noreg er eit av dei rikaste landa i verda (BNP pr. innb.), og ein
integrert del av det imperialistiske systemet. Det er slett ikkje
rart "at olje og børs meir og meir avgjer kva vi skal meine." Eg
skulle ynskje du hadde rett når du seier at "framleis står
tradisjonane frå humanismen, likskapsidealet, sjølvstendeønsket og
rasjonalitetstenkinga såpass sterkt i oss at dette kan snu norsk
tenkjemåte." Dei siste gongene eg var i gamlelandet, var ikkje dette
det første som slo meg. Eg er heller pessimistisk i høve til den
norske tenkjemåten. Og når eg ser på kor idiotisk stoda på den norske
"venstresida" er, blir det ikkje betre.

Dersom Klassekampen kunne bli ei fri og partipolitisk uavhengig
avis, "venstresidas dagsavis", som skreiv fritt og ope om alt og
alle, skulle eg vera den første til å rope hurra. Eg skulle sende ei
kasse champagne til redaktøren, og ynskje han alt vel! Men så lenge
avisa ikkje klarar å bli kvitt alt det gamle skrotet, og framleis
driv og rotar det til for seg, ser eg ikkje noka framtid i dette
prosjektet. Det er ikkje nok å vera "raud, aggressiv og utfordrande".
I Noreg har porten alltid vore trong, og ein må spela på mange
strenger for å bli trudd på. Skal ein bli "ein av dei viktigaste
reiskapane", må ein først og fremst vera truverdig.

Med helsing

Oddmund Garvik