Prøv_ikkje_å_lure_lesarane=2C_Michelet._Av_Olav_Ran

Olav Randen (boksmia@online.no)
Mon, 8 Dec 1997 08:56:47 +0100

Redaktør Jon Michelet skal ha takk for snøgt og ærleg svar på mitt innlegg
på Klassekampen-forum. Kjernen i svaret er at innlegg blir refuserte fordi
dei er "et utkjør som saboterer en livsviktig salgskampanje for
Klassekampen". Ved tidlegare aksjeutvidingar kjøpte folk aksjar trass i at
AKP hadde det store aksjefleirtalet, og difor bør det heller ikkje no
stillast spørsmålsteikn ved dette. Altså i søppelkorga med innlegg med
andre synsmåtar.
Det er eit svar eg trur på. Når Allern og Nærstad blir refuserte og Jørgen
Holte og Steinar Lem og Heidi Sørensen får inn innlegg som er sende til
mange aviser, er det fordi det Allern og Nærstad skriv, vedkjem avisa, er
ubehageleg og kan stå i vegen for ei aksjeutviding. Lesarane bør ha i fred
den oppfatninga avisa spreidde sist i november om at landsmøtevedtaket i
AKP truleg gir 5,2 til 5,5 nye millionar i kassa.
Du er på ville vegar, redaktør. Du er det journalistisk, med at du vil
halde informasjon og problematisering unna lesarane. Og du er det, endå det
er underordna, også når det gjeld avisøkonomi, om du trur det lykkast avisa
å skjerme lesarane frå informasjon og innvendingar frå andre kjelder.
Men det lykkast sist, skriv Michelet. Då spurde ingen kor stor aksjeandel
AKP hadde. Tru det? Eg var blant dei som ikkje kjøpte aksjar då brosjyrar
kom og ein pågåande Aksel Nærstad ringde, for eg trudde ikkje på påstanden
om at ein aksjeeigar ville få innverknad. Eg sa eg kunne skrive gratis og
støtte med gåver, men ikkje bli aksjeeigar for å bli ein del av noko eg såg
på som eit skindemokrati. Andre såg det annleis. Dei visste nok at AKP
hadde eitstort aksjefleirtal, men dei trudde ei demokratisering av avisa
var i gang. Eg trur mange av desse vart vonbrotne då AKP i haust suverent
sa kvar skåpet skal stå. Det blir vanskeleg å få dei med på same grunnlaget
ein gong til.
Difor må dei som skal selje aksjar denne gongen, ha tyngre argument. Berre
då vil det lykkast.
Oppgåva er ikkje liten. Vel 5 000 personar må altså kjøpe ein aksje til
1000 kroner kvar. Eller halvdelen så mange må kjøpe to aksjar. Det finst
tre linjer å argumentere langs. Dei kan for det første vise at aksjar er ei
lønsam investering (og altså kan konkurrere med aksjar i Orkla eller
Hydro), dei kan for det andre vise at aksjar gir innverknad (og må overtyde
om at det vil bli tilfelle), og dei kan for det tredje vise at aksjar gir
oss lesarar ei god avis.
Skal tiltak og argumentasjon langs desse linene utviklast og aksjeutvidinga
lykkast, er første vilkåret at avisa vågar å saumfare innvendingane. Leit
altså innlegga frå Allern (det var ikkje meir usakleg enn ditt svar,
Michelet) og Nærstad opp att frå papirkorga og få dei inn i spaltane, og
bed Asgeir Bell eller Jorun Gulbrandsen eller andre prøve å overtyde
lesarane om at dei to veteranane i Klassekampen-arbeid tek feil. For kampen
om meiningar =96 og pengar =96 er ein kamp om folks hovud, og slike kampar må
førast i ope lende.