Er Sametinget uinteressant?

Svein Lund (sveilund@online.no)
Sun, 07 Dec 1997 20:21:36 +0100

Er Sametinget uinteressant?

For vel ei veke sidan hadde det nye Sametinget sitt første ordinære møte.
Her kom det fram at Norske Samers Riksforbund har solgt eit av dei
viktigaste politiske prinsippa sine for å få sametingspresidenten. Eit
stort fleirtal har tidligare kravd at reindrifta må underleggas samisk
styring, men det har no Sametinget gitt opp. Dette er ei stor politisk
hending, med negativt forteikn. Det viser at vi har fått ein prinsipplaus
opportunist av ein sametingspresident som set taburetten sin over alle
politiske prinsipp. Sametinget er eit viktig organ og når det skandaliserer
seg sjølv på dette viser er det ei stor sak som bør gjøras kjent på landsplan.

Men Klassekampen sine lesarar har ikkjefått vite dette. Årsaka er at
redaksjonen ikkje ville ta inn ei reportasje om saka, fordi har ifølge
nyheitsredaktøren ikkje var interessant for Klassekampen sine lesarar. Den
reportasjen som blei forkasta skulle vere første del av fleire saker frå
Sametinget, men resultatet av behandlinga av denne saka var at ingenting
kom inn.

Kritikken av Klassekampen som Oslo-sentrert var ein viktig del av den
kritikken som førte til skifte av redaktør og store delar av redaksjonen.
Sidan redaktørskiftet har vi sett store forbetringar, og i fram til no har
vi i "provinsen" hatt mye å glede oss over. Likevel ser vi at kampen ikkje
er over. Framleis kan ein nyheitsredaktør stoppe stoff fordi det er
"uinteressant for lesarane", stoff på eit område han innrømmer at han ikkje
har greie på, stoff som er skreve av ein som sjølv har sete på Sametinget
og som derfor skulle vere den beste ekspertise avisa kan oppdrive på
området. Dette skjer få veker etter at tidligare kulturredaktør forsøkte å
stoppe eit intervju med den nyvalde sametingspresidenten. Da var og
argumentet at dette ikkje var interessant for lesarane.

Kem er så lesarane? Dei er over heile landet og stoffet må derfor vere
skreve slik at alle kan forstå det. Dette kravet har vore svært strengt
tolka sett frå Oslo overfor stoff skreve ute i "distriktet", mens det på
andre sida har vore tatt for gitt at lesarane er kjent i hovudstaden. Denne
gangen var ikkje kritikken av reportasja at ho ikkje var forståelig, men at
ho var for grundig og detaljert. Mi erfaring er at lesarane nettopp set
pris på at eit forklarer bakgrunnen i samband med nyheitssaker. Kordan skal
ein da kunne gjøre alle til lags?

Etter redaktørskiftet har det strøyma på med folk som ønsker å skrive for
avisa. Mange av dei er folk som tidligare har skreve, men gitt opp på grunn
av den behandlinga dei har fått i redaksjonen. Fleire stader i landet er
det no igang arbeid med sikte på å bygge opp landsdelsredaksjonar av
Klassekampen. Vi er mange som vil og kan bidra, men både
frilansjournalistar og amatørskribentar må få ei skikkelig behandling om
dei skal halde fram. Den måten denne saka er behandla på er ikkje noko godt
eksempel i så måte.

Det som gjør at det likevel er von i hengande snøre er at både
sjefsredaktøren og underredaktørane tar seg tid å svare og er opne for at
dei kan gjøre feil. Det hendte aldri under det gamle regimet. Det er
menneskelig å feile, og eg går ut i frå at Klassekampens redaksjon no
sørgar for at lesarane får del i dei viktigaste spørsmåla frå
sametingsmøtet. Bedre seint enn aldri!
Sjølv har eg fleire gonger skreve i Klassekampen frå møte i Sametinget, og
kunne tenke meg å gjøre det igjen. Men føresetninga er at redaksjonen gjør
det heilt klart at ei slik behandling som stoff frå Sametinget har fått
denne gongen ikkje skal gjenta seg.

Svein Lund, Guovdageaidnu