Re: Ros for Kåre Lunden om Gro

Finn Sindre Eliassen (finn@frida.alesund.fylkesbibl.no)
Thu, 4 Dec 1997 14:41:20 +0100 (MET)

On Thu, 4 Dec 1997, Roar Madsen wrote:

> I tysdags-KK fann eg ein svært
> god grunn til å gjeva ros. Kåre Lunden si dryfting av Gro sitt sjølvportrett
> var artikkelstoff til å tyggja på - og til å læra av.
> Det var noko for intellektuelle frå alle klassar - og so herleg fritt for
> intellektualistisk posering og framheving av seg sjølv.
> Kåre Lunden er ikkje berre ein av dei fremste nolevande norske
> historikarane, men han er ogso blant dei få som har skyna at
> han som akademikar har ein politisk funksjon, og har eit medvite tilhøve til
> nett det. Han tek del i politiske ordskifte om EU, om nasjonalstaten, om
> norsk målreising, om Gro, om kvinnekamp m.m. Deltakinga hans i slike
> ordskifte er oftast merkt av at han
> brukar døme eller knaggar frå historiske hendingar o.l. til å seia noko om
> samtid og framtid. Ein kan vera usamd, men knapt nok likesæl
> til det Lunden skriv.

Eg er samd med Roar Madsen i dette. Eg vil leggje til to synsmåtar. Lunden
er ein svært skarp polemikar; og han har ei betre forståing for dei
materielle forholda i samfunnet - økonomi - som historikarar av meir
fornem type ikkje har; Sverre Bagge! Dette siste momentet kjem m.a.
fram i det Lunden har skrive om dansketida.

Eg vil minne om nokre bøker som Lunden har
skrive og som det er ein svir å lese:

Biletet av fortida, Samlaget, 1991
Brød, roser og blod, Univ.forl.,1995
Dialog med fortida, Samlaget, 1985
Europeisk middelalder, Cappelen, 1975
Kjettarar, prestar og sagakvinner,Univ.forl., 1989
Nasjon eller union, Samlaget, 1993
Norsk grålysing, Samlaget, 1992
Økonomi og samfunn, Univ.forl., 1988

Madsen skreiv:
> Måtte han berre skriva meir til KK - har redaktøren
> gjort noko form for avtale med han om det??? Dersom det ikkje
> er gjort, må han gjerne sjå på dette innlegget som eit framlegg om at det
> burde gjerast...

Dette framlegget er godt!

Finn Sindre Eliassen