Debatten_på_KK-forum

Olve Steinset (olves@online.no)
Thu, 4 Dec 1997 10:47:42 +0100

Debatten på KK-forum.
Etter å ha kome heim frå reis utan PC og oppkopling mot nettet, har eg no kjempa meg gjennom over 220 "nye" meldingar frå KK-forum. Vel, eg er skuffa - ikkje over kvaliteten på innlegga, ikkje over det som vert debattert, ikkje over engasjementet og iveren - men over at viktige debattar stoppar opp og forsvinn. Kva SVARTEN vert det av "den politiske debatten"? Pål Steigan opna for ei tid attende for ein debatt om "Kampen mot Hagen", etter mitt syn ein viktig debatt der vi var fleire som hengde oss på - det undrar meg at slike debattar vert "mindre viktige" og får "magrare kår" enn debattar (dersom debatt er eit dekkjande ord) om kven som er dei største tullingane på venstresida i norsk politikk.

At eg vert skuffa er sjølvsagt ikkje noko eg kan klandre andre for - slike kjensle er mine eigne og eg lyt sjølv gjera noko med dei. Eit slikt tiltak er derfor å etterlyse utlova svar: Pål, eg ventar framleis på ditt neste innspel i denne debatten. Karsten Vedel Johansen, du sa også at du ville komme med eit innlegg til denne debatten - kjem det?

Eg står på ny framfor ei reise og vert borte nokre dagar utan PC og nett, så er det dette med forventningar, som er noko drit i det at den er opphavet til at eg stundom vert skuffa - likevel vonar eg å finne noko som kan tenne meg, fanga mi interesse, bidra til at eg vert engasjert og får lyst til å debattere på KK-forum - når eg kjem att. Vonar at slike forventningar ikkje er av det overdrivne slaget som berre skapar mismot.

Lukka til!!

MHH Olve Steinset