Husum, Bøckmann , Michelet og

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Wed, 3 Dec 1997 14:46:01 +0100

Eg er samd med Husum i at Michelet bør tola ytringa til Bøckmann - det
gjorde han då ogso ved at ho vart prenta
i KK. Rett nok oppfatta eg innlegget som i overkant agressivt og surt, men
etter mitt syn må det ogso vera lov å drita seg
ut i KK. Derimot ser eg ingen grunn til å opna spaltane i KK for at endå
fleire skal få seia nett det same med berre litt andre ord.
Det er grenser for kor lenge det har verdi å få sagt gong etter gong at ein
er sterkt misnøgd med metodane i redaktør-skiftet.
Derimot er eg sikker på at redaktøren er samd med meg i at det er langt att
før grensene for eit fornuftig omfang av ordskiftet
om KK i framtida er nådd.
Det mest bøllete eg er i stand til å sjå ved Michelet og redaksjonen hans
har ingenting med redaktørskiftet å gjera. I iveren etter
å vera opprørarar smører dei av og til for tjukt på slik som i leidarteigen
i går. Vurderingane var rett, skjellsord som drittsekk
(vart ordet reaksjonær padde ogso brukt om Helms ??? - no skriv eg berre på
grunnlag minne so det er mogeleg at eg hugsar feil)
o.l. vil eg derimot helst verta spart for. Høyrer du det Michelet - du kan
vera både opprørsk og skarp utan å falla i den grøfta der!!!
Elles er eg samd med deg i at du stoggar den verste surmulinga om
redaktørskiftet sjølv om eg kan vera usamd i konkrete avgjerder.

Med helsing

Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41