ZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZ

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Tue, 2 Dec 1997 09:54:51 +0100

Etter inspirasjon frå solide lutheranarar på KK-forum vil eg berre slå fast
fylgjande:

"Eg må seia at KK-forum medkvart har missa interesse. Anti-ML-gjengen sine
monotone og frelste
meldingar frå den katolske verda deira er det einaste stabile elementet.
Svevndyssande. Dei fær
driva på, i splendid isolation,..."

Dersom dette ved eit eller anna tilfelle skulle likna veldig mykje på ei
formulering frå K.V. Johansen
er det sjølvsagt berre rein slump. Eg må seia at eg ser fram til eit paradis
fri for jævlar slik ein
debattant skriv om. Dette er kanskje ei haldning som eg har lært av dei mest
kompromisslause lutheranarane
her på KK-forum. Kalvinistar trur på predestinasjon, og her på KK-forum har
mange vorte spådd æveleg
fortaping fordi dei ikkje tek alle dei rette oppgjerdene på rett måte til
rett tid.

Moral: Det kan absolutt diskuterast kven som er mest religiøse her på
KK-forum KVJ, min toppkandidat heiter KVJ...
Men det er det vel ikkje vits i å skriva retta til han, for han snorkar vel
eller har meldt seg ut or KK-forum heilt
til nye krosstog kallar på sperreeldar av retorikk. Eg vågar påstanden om at
det ikkje vert lenge til, men det er jo
lov å vona at ein tek i miss.

Med helsing
Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41