Lista er lang

Oddmund Garvik (garvik@serveur.interliger.fr)
Thu, 27 Nov 1997 09:13:33 +0000

Det er ikkje ofte eg ser på TV, men i går kveld var det ein
interessant fransk-belgisk produksjon av Robert Quafzezi, Mesut Tufan
og Ismail Kadaré (1997) om Enver Hoxha sitt Albania.

Denne dokumentarfilmen teiknar omrisset av historia til dette vesle
landet, frå fallet til det ottomanske riket i 1912 til valet av Sali
Berisha i 1992. Først og fremst er det arkivstoff frå regjeringstida
til Enver Hoxha (1945-1985) som blir gjennomgått. Ikkje nokon annan
plass i Europa har ein "kommunistisk" leiar knust folket sitt så
grundig, og så lenge. Ein reiknar med at om lag ein tiandedel av
innbyggjarane blei utrydda. Ein risikerte fengsel, eller avretting
berre for å ha lytta på utanlandske songar på radioen.

Med hjelp frå den tyrkiske historikaren Mesut Tufan, tørkar den
albanske regissøren, Robert Quafzezi, støvet av gamle filmrullar,
like nysgjerrig og ivrig som den foreldrelause, som leitar etter
familieløyndomar i ei kiste på loftet. Regissøren er 42 år gamal, men
han har vakse opp utan å kjenne fortida til landet sitt. For å ha
betre kontroll med folket og samtida, beslagla Hoxha (og Partiet)
skikkane, trua, eigedommane, og det kollektive minnet til dei tre
millionar undersåttane. Albania blei til med Enver.

Despoten var besett av frykta for samansverjingar, og hadde fylt
"blokka" - kvartalet til leiarane i Tirana - med kamera. Ein blir
dregen inn i dette ganske unike løpet, i den totalitære galskapen, med
underjordiske møte i politbyrået, med bileta av den "sjølvmyrda",
trufaste nestkommanderande, Mehmet Shehu, den oppkonstruerte rettssaka
mot enka og sonen, og det siste ministerrådet, der den døyande Enver
Hoxha stotrar fram, og rører med tala i femårsplanen. Denne
dokumentarfilmen kler av livsløpet til den albanske tragedien, kaldt
og pinefullt, trykkjande, som i ein roman av Ismail Kadaré.

Eg la meg, og tenkte på dei gamle glansbileta, og alle "kameratane"
som kom attende frå reiser til det "sosialistiske fyrtårnet" med
stjerner i augo, og fortalde soger om det albanske folket sin siger,
om lykke og framsteg. Det gjekk lang tid før eg fekk sova. Det er
ikkje berre Stalin, tenkte eg. Lista er lang, og eg gremmar meg.

Med helsing

Oddmund Garvik