Det Store Spranget

Oddmund Garvik (garvik@serveur.interliger.fr)
Mon, 24 Nov 1997 16:04:34 +0000

Dei har talt og tala, og det er på tide å setje lettbåten på vatnet,
lata piratane sigla sin eigen sjø, for dei er ikkje truverdige.

Eg trudde det var ei drivande skute, og hadde tenkt å hjelpa til med
mi krokute hand, skriva litt i ny og ned, utan å forlange hyre. Men
no får eg heller finne andre skuter, og andre tribunar.

Eg var bikkje i AKP i mange år, og vasa bort livet mitt som "sjauar
og matros". Eg sette strek, men vende nyleg attende for å sjå kva det
blei til. No ser eg at det blir til det same att. At Det Store
Spranget berre er ein bløff, og at skuta siglar strake vegen inn i
fjellveggen. Kapteinen kan gaule "skip o'hoi" så mykje han vil, men
det er ikkje han som styrer. Reiarane sit der dei alltid har sete, og
skuta er fjernstyrt.

Mange var med på å byggje denne skuta, og mange var ute og sigla ei
stund. No står dei fleste på land, og ser på at skuta pressar seg opp
mot vinden, enda segl og bom er flerra. Reiarane er blinde av
kjærleik til makt, og bryr seg ikkje om storm og uv=EAr. Dei er heltar,
og har sanninga i lomma. Dei skjelv ikkje ein gong på handa. Dei vil
"gjennomføre ei større satsing fram mot tusenårsskiftet". Alt er
normalt. Alt er som det skal vera.

Eg har forandra meining.

Oddmund Garvik