RE:_Antisemittisk_bruk_av_ordet_jøde

Oddmund Garvik (garvik@serveur.interliger.fr)
Sun, 23 Nov 1997 19:27:08 +0000

Le 23 Nov 97 =E0 11:52, Erik Lindeberg a écrit:

> Hva er det som er jødisk med sionismen?
> Garvik demonstrerer selv hvor tilslørende dan sammenblandingen
> av ordet jøde diverse politiske retninger fungerer. Er du enig i
> definisjonen av jøde er en som tilhenger av den jødedommen (en
> religion)?

Eg trur du leste det eg skreiv på ein litt kludrete måte, og eg
hadde i grunnen tenkt å la vera å svara på dette. Sant å seia verkar
det ikkje som om du har særleg greie på det du snakkar om.

Eg hadde æra av å bu midt oppe i denne konflikten i litt over eit år,
og lærde mykje. Eg kunne skrive side opp og side ned om dette. Men
Knut Rognes hadde eit klårt og greitt innlegg, og eg har i grunnen
ingenting å føya til.

Du seier eg "roter med begrepene", og "blander sammen religion og
politikk", men det gjer ikkje så mykje så lenge du er heilt på
viddene sjølv. Det er lov å prøve seg...

Med helsing

Oddmund Garvik