Re:_bånnski!

Oddmund Garvik (garvik@serveur.interliger.fr)
Sat, 22 Nov 1997 13:25:48 +0000

Le 21 Nov 97 =E0 15:35, Arne Eriksen a écrit:

> Etter all den kameratslige skålingen de siste timene på forumet,
> antar jeg at vi nyutnevnte maccarthyister vil bli tolerert - i det
> minste inntil videre.

Eg har korkje sett, eller høyrt maccarthyistar her på forumet. Og
denne skålinga må me visst halda opp med. Eg ser no at NHO foreslår
alkokutt i arbeidslivet. "Totalforbud mot alkohol på reiser og
seminarer. Forbud mot vinlotterier og akevitt til jul. NHO ber
arbeidsgivere vurdere sin alkoholmoral. Bondeviks verdi- og
moraldebatt får nå også gjenklang i næringslivet." (VG, av alle ting).

Det er ikkje anna å vente no når landet har fått seg ei slik heilag og
god regjering, som attåt "vil føre ein Europa-politikk i tråd med
folkets nei." Alle himmelens formyndarar, og inntørka puritanarar
kjem no ut av hola sine og skin, blanke i pelsen. No skal det ryddast
opp.

Det finst diverre formyndarar og puritanarar også på "venstresida".
Dei siste dagars heilage vaktarar av Dovre, og sjølvråderetten er ei
glorute forsamling. Alle desse som trur at dei veit betre enn kvarmann
kva som er best. Alle desse gledeslause predikantane av den eine eller
andre religionen.

Det er lenge sidan nordmennene trudde på Valhall, og eit lystig liv
etter døden. Det er lenge sidan det var vikingar og heltar i Norden.
No skal ein helst gå stille i dørene, vera "saklege", snille, og
"politisk korrekte". Sjølv samfunnsomveltarane må halda seg på matta.
Som Steigan seier: "Venstresida har en dårlig debattradisjon, og jeg
er redd den er sterkt prega av Lenins og bolsjevikenes måte å
polemisere på, fiendtlig, raljerende, antagoniserende." Steigan var
ikkje fullt så mjuk i gamle dagar, men han kan då for all del ha
forandra seg. Det høyrest vakkert ut å "se hvordan vi gjennom debatt
kan oppnå djupere innsikt, bedre forståelse og større enhet i
klassekampen mot kapitalismen." Og "se om vi sammen kan skape et klima
der folk trives med å delta og der vi sammen synes at vi når lenger i
fellesskap enn vi kan gjøre hver for oss." Slik forsvarar dei hårsåre
seg, slik talar dei når dei ikkje dominerer lenger, men er reduserte
til ingenting, og blir stilte til veggs for gamle, og nye synder. Det
hadde kanskje vore sunnare "at avgjøre saken med håndgemeng utenfor
lokalet," som i gamle dagar.

Det er ein viss samanheng mellom dette, og den nye
helsejournalistikken i tabloidpressa. Dagbladet skriv sjølv om det i
dag, etter at ein professor i medisin heldt eit foredrag.

"-Kruttlappistoler gir barn varige hørselsskader. Dine gassfylte
joggesko kan ta fyr. Her får du kreft. Den smittefarlige maten. Du kan
få infarkt av kokekaffe. Kast pålegget. Juletreet er helsefarlig.
Nøtter truer julehelsen.
- Dagbladet er ikke alene om å skremme alle oss som tror vi er
friske, men Dagbladet er verst, sier Fugelli.
-Den nye misjonsbefalingen fra Helse- og sosialdepartementet og
mediene er: Gå ut og gjør alle folkeslag til mine pasienter. Det
moderne mennesket vil ha null risiko for skade, sykdom og lidelse.
Avvik fra skjønnhetsidealet og 100 prosent velvære defineres som
sykdom. Vi får et medisinsk forskremt folk, sier Per Fugelli.
- Vi har en illusjon av å mestre naturen, av at vitenskapen er
allmektig. Hvorfor skal vi da godta sykdom, smerte, lidelse og en
naturlig død?"

Nokre freistar å innføre "skjønnhetsideal" for debatten på
"venstresida", og på KK-forum, og likar ikkje "avvik". Dette må ein
helst oversjå, trur eg. Framleis er det mest fruktbart, her som andre
stader, å kalla ein krakk ein krakk, og ikkje berre kviskra i krokane
i redsle for å såra nokon. De skulle ha vore i Gallarlandet...

Lat oss halda fram med å snakka fritt fram, lat oss ikkje bøya oss for
kapellanane. Slå hjartedørene opp på vidt gap. Lat det vera litt
romsleg!

Med helsing

Oddmund Garvik