RE: Troverdighet - svar til Staurset

Finn Sindre Eliassen (finn@frida.alesund.fylkesbibl.no)
Fri, 21 Nov 1997 10:37:50 +0100 (MET)

On Thu, 20 Nov 1997, Oddmund Garvik wrote:

> Kva er det du er redd for? Er du kommunist, tåler du vel litt
> medfart?

Eg toler litt medfart om eg er kommunist, ikkje-kommunist eller
oppteken av det som heiter borgarleg daning; eit uttrykk som eg reknar med
nokre forstår.
Eg har teke del i det offentlege ordskiftet sidan 1976 og gjeve og teke i
rikt monn.
Om eg er redd noko, veit eg ikkje. Men eg likar ikkje den kvelande
atmosfæren av mccarthyisme som ligg over dette forumet. Mccarthyismen
verkar ikkje berre invalidiserande på mccarthyistane sjølve, men hindrar
mange interessante debattar i å bli reiste.

Eg veit ikkje kor klimaet er i Gallia. Hjå oss er det surt, diverre.

> Skulle me alle sitje her som stive kallskapellanar og messe
> i kor?

Nei, det ville vere ille.

> Du skuldar andre for å vera stildomarar, medan du er ute på
> same vegen sjølv. Det heng ikkje heilt i hop dette...

Her har du eit poeng, Garvik.
Den som skuldar andre for å vere stildomar, er sjølv ein stildomar. I
prinsipiell forstand er den som kritiserer andre for å føre metadebattar,
sjølv ein metadebattant.
Altså har vi begge toga inn i stildomarane og metadebattantane sitt læger.

Det er eit paradoks.

Eg hevar begeret mitt til ein venskapeleg skål og tømer det i eit drag om
det enn er tidleg på dag.

Helsing Finn Sindre Eliassen