Fagleg literacy i skule og lærarutdanning innan realfag

Dette prosjektet inneber ein longitudinell studie om literacy og inquiry-based learning (IBL) i matematikk og naturfag. Matematikk- og naturfag-didaktikarar frå universitetet arbeider saman med lærarar ved to skular, mellom anna med utvikling av undervisning i lesson-study-sløyfer på første og andre skulesteget. Både IBL og matematisk literacy har blitt lansert som mogelege svar på den dalande interessa og påstått dalande kompetansen i realfag dei siste tiåra, med "skuffande" resultat på PISA- og TIMSS-undersøkingane som særleg mykje brukte argument for naudsynte endringar.

Undersøkande og utforskande arbeidsmåtar (IBL) blir trekt fram som mogelege inngangar til læring der ein utviklar ei spørjande haldning og auka motivasjon for realfaga. Vi bruker rammeverket for IBL utvikla i Primas- og Mascil-prosjekta. Det finst ingen felles ålment godkjent definisjon av omgrepet matematisk literacy. Dette har m.a. å gjere med at det i mange språk, inkludert norsk, ikkje finst noko dekkande omsetjing av ordet literacy. Internasjonalt finst det òg mange ord som heilt eller delvis blir brukt synonymt med matematisk literacy, så som numeracy og quantitative literacy. OECD har i PISA-undersøkingane utvikla ein definisjon, men mange finn at den ikkje er dekkande, t.d. ved at den ikkje tek nok omsyn til dei kritiske aspekta som bør vere ein del av literacy-innhaldet. Skribentar som D'Ambrosio og Skovsmose har t.d. utvikla terminologi som får fram slike aspekt, gjennom omgrep som matheracy og mathemacy.
Profilsida Hjemmesida Bruk den nettleseren du vil! Valid CSS! Valid XHTML 1.0!