Aktiv og passiv skimoro, vedstabling og ein sykkel
2009-04-12
23:04:29
I Granåsen var det tremil og femmil og strålande sol. Vi var der, heia på alt og alle som gjekk på ski, og kom tilogmed på TV. Så har eg vore på Kniplefjellet, eventuelt Knippelfjellet, på grensa mellom Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag. Og så var det påske. Då tok eg meg ein snartur til Stette, men rakk å stable ein haug - det vil seie tre haugar - med ved. Det var også finfint vårvêr med sol og allting. Turen gjekk vidare til Bjorli med (nesten) heile familien, der blei det påsekrim og påskequiz, god mat og ein tur i trekket. I trekket var det dårlig sikt og klissvåt snø, men artig lell. Sidan eg valde å ikkje ha med meg langrennsskia sørover reiste eg til Trondheim igjen seint på fredagskvelden for å rekke ein siste langrennstur før sesongen var over, og det rakk eg forsåvidt, sjølv om turen vart litt kort. Med bilen kom eg med lett til Skistua og gjekk innover mot Elgsethytta, men gliden var dårleg og festet litt dårleg det også. Sola var der rett nok, saman med sikkert halvparten av alle som har ski i heile Trondheim og omegn. Søndagen, det er i dag, såg eg at det var meldt opplett og varmt heile dagen. Så såg eg at proffsen skulle sykle mellom Paris og Roubaix. Ikkje lenge etter var eg høgt og lågt i hybelen min på full leiting etter sykkeltinga mine, og etter kvart stod eg der i sykkelhyre, pulsbelte, med nystarta GPS-logg og - hald deg fast - demonterte sprutvern. Jonsvatnet skulle rundast. Og det gjekk heilt greit, som du kan sjå i Google Earth her. No har eg sett Poiroten på fjernsynet, men Foyle er betre.
Telemark, vaskemaskin og sisalgarn
2009-03-04
17:01:14
I helga var eg i Surnadalen for å ta del i studentmeisterskapen i telemark. (Det vart uoffisielt, sidan det berre var folk frå NTNUI og HISSI der.) Heile studentgreia var inkorporert i eit noregscuprenn, med både fjelltelemark, freeride og klassisk sprint. I fjelltelemark køyrde eg på feil side av eit tre før ein port, og vart så perpleks at eg tryna og tapte ei busslast med tid. Freeriden turde eg ikkje stille opp på, i klassisk sprint gjekk det høveleg bra. Og det var litt moro å konkurrere mot verdseinaren Eirik Rykhus. Ikkje at eg gav han konkurranse akkurat. Videoen viser forresten eit renn i disiplinen klassisk sprint. Det vart ingen bilete frå helga, mobiltelefonen fekk seg ein brist då eg landa på magen på ein skitur for to veker sidan, og var borte på reparasjon. Helga for ei drøy veke sidan kom pappa oppover, han tok med seg ein etterlengta sofa til hybelen min. Og så såg han at eg hadde opplegg for vaskemaskin på badet, og vips hadde eg fått meg ei vaskemaskin også. Det er heilt utruleg digg å sleppe å gå på utflukt for å vaske kle, ny utflukt for å stappe tinga i tørketrommelen, og enda ei utflukt for å hente kleda frå trommelen, berre for å finne ut at tromlinga ikkje er meir enn halvferdig. No har eg laga tørkestativ av sisalgarn under hemsen over sofaen. Og under hemsen blir det nok eit skistativ også etter kvart. På fastelavn laga vi bollar, men butikken var tom for krem. Vaniljekakefyll funkar nesten like bra. Neste helg skal eg til Grnåsen og sjå femmila, og den 24. skal vi ein heil bøling og sjå Chicago på Trøndelag teater. Dessutan har eg kjøpt meg steiketermometer, det skal eg bruke på leggen eg har liggande i frysaren.
Sprøytedrama
2009-02-05
11:49:20
Eg går på eit allergivaksineprogram mot gras. Det vil seie at eg ganske ofte får ein subkutan injeksjon med gras i overarma, med stadig sterkare dose gras. Som oftast går det heilt fint, med litt kløe og opphovning rundt sprøytestikket og eit døgn med ekstra sløv dagsform. Men på mandag, ein time eller to etter sprøyta, kjende eg at halsen blei litt trang. Og at det byrja å klø overalt. Halsen var ikkje så trang at eg fekk fullstendig noia, men det var litt ekkelt, så eg gjekk tilbake til sjukehuset så dei kunne passe på meg. Der tok eg nokre lungemålingar, fekk ein liten hestekur, og sat til observasjon i to timar til det begynte å gå over. Det blei ny personleg rekord i sløv dei neste dagane. Elles var eg på Bare Egil-konsert på Samfundet på fredag, det var gøy. Speidern, Asfalt og Sko er fine låtar. Eg tek også mykje buss for tida. Tidleg i januar kjøpte eg busskort, så eg kan ta så mykje buss eg vil fram til påske. I går aleine blei det fem bussturar, det er fint å sleppe å tenke økonomi når du vil både hit og dit!
Ski
2009-01-26
19:04:12
Heime att frå Val d Isere. Det var ein mindre og mykje dyrare by enn eg hadde trudd, til gjengjeld var løypenettet større enn eg hadde førestilt meg. Vi rakk ikkje over heile på ei veke, for å seie det slik. Første dagen snødde det litt, så vi fann litt halvvegs urørt skog ein stad. Så fekk vi nokre dagar med sol og nysnø, som var herleg. Det vart litt varmt utpå dagane, vi måtte tenke litt på rasfare også. Men pudder blei det ein god del av! Knalltur altså, kudos til arrrangørane. Eg har lagt ut i Google Earth-format her, snart kjem kanskje puls- og høgdegrafar også. I går var eg på kino og såg Slumdog Millionaire, finfin film. På onsdag blir det teater, der skal vi sjå Om Mus og menn av Steinbeck. Den har eg lese, men det er nok ei stund sidan.
Nytt år
2009-01-09
16:18:01
Prosjektet er inne, eg har flytta til Moholt. I går leverte eg inventarlista til Samskipnaden, og fann etter kvart ut at eg hadde flytta inn i feil rom. Etter litt om og men oppdaga vi at låssylindrane var plassert feil. Til alt hell kom det flyttande ein annan sunnmøring i dag som ikkje hadde noko som helst problem med at det stod 12 på døra hans i staden for 11. Så eg blir buande her. 2. juledag var det fest på Fagerheim ungdomshus på Skodje, der traff eg på omtrent alle eg gjekk på ungdomsskulen med. Artig. Dagen etter køyrde eg frå Sunnnmøre til Vestfold for ein hyttetur. Det var veldig artig, med perfekt blanding av nye og gamle folk. Boblebad og badstu, øl, bål og pølsegrilling. Sesongdebutert på ski fekk eg også gjort, og eg er sikker på vi braut lydmuren då vi prøvde akebrett i skibakken på kveldinga. Nyttår feira eg i eit naust i skøyevika, men eg tok det ganske roleg. 1. januar snødde det mykje. Då tok eg turen på Niusen i nysnøen og tok masse bilete av snø. Seinare på dagen feira vi bursdagen til brorsan med kaker og kaffi, før eg tok turen til Oddbjørn og kika på nydataen hans. Dagen etter tok eg bilen og farta over Storfjorden til Sykkylven, plukka opp Magnus og køyrde til Sunnmørsalpane Skiarena for å teste pudder. Det snødde og snødde og var sinnsjukt bra snøforhold, men dårleg sikt. Og sidan bindingane mine er plassert på bootcenter må eg lene meg litt bakover for å tuppen over snøen, det er litt slitsomt. Vel attende i Trondheim har eg pakka ut alle tinga mine på hybelen, testa skøyteskoa mine i Estenstadmarka, prøvd å sjå Max Manus på kino (men det gjekk ikkje, dei hadde ikkje krypteringsnøkkelen til filmen). Så vi gjekk og testa juleølet på mikro i staden for. Så var det nokre fine og rolege dagar med middag og film og mykje soving. I går var eg i midtbyen og skulle ta bussen heim. Men det kom ingen buss, truleg stod dei alle på tvers på Byåsen. Så eg ga opp å stå der i regnet, eg hadde blitt ganske kald. Bak meg var døra inn til Storås. Der har dei peis, pils og kaffi med timespris. Og ei avis, viste det seg. Så der sat eg ei stund, ettersom eg likevel var invitert til Snorre på middag seinare. Hos Snorre fekk vi endeleg sett filmen om Max. (Forresten kjem det ein film om ein annan Max snart, Where the wild things are. Den skal sjåast.) No har eg også ordna fagplanen for det neste året, det blir fag i vår og diplom på huasten. No er det helg. Fint i Trondheim utanfor semesteret. Hanne og Audun skal gifte seg, gratulerer til dei. Morrissey skal synge og danse for meg i juni. Om ei veke skal eg til Val dIsere saman med telemarkgruppa i NTNUI.