Antall besøkande: 122799

    Brukernavn:
    Passord:

GOD AVSLUTNING!

26 Oktober

Ja, så er årets sesong i 5. divisjon over og det var nok ikkje så dumt likevel at kampen mot Giske gjekk så langt ut i oktober. Vêret var bra og resultatet, innsatsen og også spelet er trenaren godt nøgd med. Festen etterpå var også vellukka. Sesongen har hatt store oppturar og dessverre også nokre solide nedturar, frå sterke resultat borte til heller litt for store tap både heime og borte, men så har vi også i periodar hatt lite folk både på trening og i kamp. I haust har nok også kvaliteten på treningane vore litt dårleg grunna litt for få spelarar, men likevel det har vore mykje positivt i årets sesong og dei fleste på laget er framleis unge! Takk til alle som har vore med i årets sesong, håper at alle og kanskje endå fleire blir med vidare! Helsing trenar IK, som reknar med at gjengen blir å sjå i ballbingen tirsdagar og fredagar framover.

KAMP MOT GISKE - OPPMØTE KL 13.30

24 Oktober

Går alt etter planen så skal GIske kome til øya med båt i dag kl 13.30. Vi skal hente dei på kaia. Kampstart er sett til kl 14.30. Håper desse spelarane er klare: Bjørnar, Chriss, Guttorm, Magnus, Egil, Eirik, Geir, Nickolas, Marius, Daniel, Thomas Ivar, Frank, Bendik, Bjørn-Daniel, Odd Erik. Gløymt nokon? Siste kamp og siste sjanse til å vise oss fram i år, folkens, jobbe, jobbe, jobbe! Helsing trenar IK (95237929)

HUSK PÅMELDING TIL FESTEN!

20 Oktober

Fristen for påmelding til festen på laurdag kl 18 går ut i dag, om nokon har gløymt det så berre send inn ei melding her! Håper dei fleste av spelarane kan møte opp på laurdag. Elles trening tirsdag 18.30 og om kampen mot Giske går som planlagt; laurdag kl 14.30, då tek vi trening på torsdag og ikkje fredag! Helsing trenar IK

ÅRETS A-SPELAR!

15 Oktober

På festen neste helg så skal det delast ut pris til årets spelar. Då må spelarane sjølve gi stemme på sin kandidat; send SMS med kodeord "årets spelar" og namn til 95000888 (fotballformannen). Alle som har vore med i årets sesong bør gi si stemme! Helsing IK

IKKJE TRENING FREDAG GRUNNA BASAR!

14 Oktober

Sidan Idrettslaget sin basar startar allereie kl 19 no på fredag så vert det inga trening. Skal vi då ha trening torsdag kl 18.30 og-eller laurdag kl 14? Kampen mot Giske er enno ikkje tidfesta, vi håper på neste laurdag (24.10) før festen! Helsing trenar IK

KAMP PÅ SØNDAG?

12 Oktober

Det kan bli aktuelt å spele kampen mot Giske søndag 18. oktober. Giske kan ikkje spele på laurdag grunna gutekamp, men kan oss spele på søndag? Gi beskjed straks om du kan eller ikkje! Elles trening tirsdag til vanleg tid, då kan vi også sjekke tilhøva på gras-/grusbana! Trenar IK

SESONGAVSLUTNINGSFEST 24. OKT. KL 18!

13 Oktober

LIL vil i år samle alle fotballaga på øya til ein felles avsluningsfest for årets sesong. Festen vil starte kl 18. Det vert buffé med kalkun, karbonadar, pizza m.m., div. underhaldning, utdeling av prisar, statuettar etc. Dette er også for foreldre, besteforeldre og passive medlemmar. Og det skal vere litt stil over arrangementet, altså fint antrekk. Kva som skjer seinare på kvelden er litt uvisst, vanleg dans har det vore snakka om, men ein kan kanskje leige eit mindre lokale enn samfunnshuset? Håper at nokon frå dame- og herrelaget har tips om kva ein skal gjere utover kvelden? Kom gjerne med tilbakemeldingar om arrangementet! IK frå styret