next up previous contents index
Next: Søking i VI ved Up: Kommandoen grep Previous: Kommandoen grep

Kommandoane fgrep og egrep

Desse kommandoane er variasjonar over grep-kommandoen som optimaliserer søket for spesielle situasjonar. Kommandoen fgrep   ( fast grep ) tek berre enkle søkestrengar og ikkje regulære uttrykk. Kommandoen egrep   ( extended grep ) tillet eit rikare sett av operatorar enn grep,- og er ein god del tregare enn grep på grunn av dette. I dei flesta tilfella vil grep vere tilstrekkeleg. Kommandoen egrep har ein del operatorar i tillegg som er litt forskjellige frå dei vi finn i grep. I tillegg til * ( stjerne ) har egrep ein operator +   som betyr ein eller fleire forekomstar av det foregåande tegnet. I egrep ville :

[0-9][0-9]*
bli :

[0-9]+
for alle heiltal. Ein kan sjølvsagt også bruke den første notasjonen i egrep. Vidare har egrep operatoren ?  som betyr 0 ( null ) eller ein forekomst av mønsteret, og operatoren |  som betyr eller. Eksempel :

^[0-9]?a|b
Dette uttrykket vil finne alle linjer som startar med eit tal + a eller b, eller a eller b. Vidare tillet også egrep at ein grupperer uttrykk som består av fleire tegn saman. Uttrykket :

([0-9]+ab)*1243
vil finne alle forekomstar av strengen som innheld eit eller fleire heiltal etterfølgt av ab, fleire gongar etter kvarrande, heilt til 1243 forekjem. For begge desse kommandoane kan ein spesifisere ei fil der søke-mønsteret er definert, istaden for å bruke kommando-linja. Dette gjer ein med opsjonen -f ( file ).

zevs% egrep -f fila.monster fila.mi        
For fgrep skal fila innholde ei liste over strengar som fgrep skal leite etter.
next up previous contents index
Next: Søking i VI ved Up: Kommandoen grep Previous: Kommandoen grep
Trond.Kandal@itea.ntnu.no