Next: Den lengste strengen som
Up: Alle enkle tegn
Previous: Spesial-tegn for start og
Ein kan kombinerer eitt tegnsuttrykk til å finne lange
strengar :
[0-9][0-9][0-9]
Denne linja vil finne den første sekvensen av ein tall-streng
som inneheld minst 3 tal. Ein kan bygge på med å legge
til * ( stjerne ), dette tegnet betyr 0 (null) eller fleire
forekomstar av det foregåande eitt-tegns regulære
uttrykket. For å finne alle talstrengar kan ein skrive :
[0-9][0-9]*
Kvifor kunne ein ikkje bruke :
[0-9]*
som søke uttrykk ?. Fordi * betyr 0 ( null ) eller fleire
forekomstar av strengen, dermed ville dette uttrykket berre
finne starten på kvar linje. Den første [0-9]
tvingar editoren til å finne minst eit tal.
For å finne ei heil linje :
/^.*$
Ein kan lese denne linja som :¨ Start på starten av linja
( ^ ), og ta alle tegn ( . ) uansett antal gongar ( * )
heilt til enden av linja ( $ )¨.
Med desse enkle byggeklossane kan ein bygge opp store og komplekse
uttrykk.
Trond.Kandal@itea.ntnu.no