Next: Det moderne UNIX-systemet,- for
Up: Introduksjon
Previous: Sagnet og det kontroversielle
UNIX vart laga som ein reaksjon på dei store og klumsete
operativsystema som eksisterte på slutten av 60-åra.
Eit av dei største måla var å gjere det så
vidtrekkande som mulig men å lage kommandoar som ikkje
prøvde å løyse alle mulige problem. Heller omvendt,
i starten var det om å gjere å lage kommandoar som
berre gjorde ein jobb, men gjorde det enkelt, roleg og
veldig godt. Eksempel: eit program som vart laga til
å konkatenere og vise innholdet i filar skulle ikkje
prøve å dele inn i sider eller sende sende filar til
skrivar. Dei oppgåvene skulle eit anna program ta seg av
utan å måtte bere vekta av å konkatenere filar.
Denne hangen til "lite er vakkert" filosofien hadde fleire
gode effektar. Først, eit nytt krav dukka opp som ikkje
var klarlagt på førehand, utdataene frå desse
verktøya, ettersom desse ein-jobbskommandoane vart kalla,
måtte bli dirigert som inndata inn til andre verktøy.
Frå dette kom nødvendigheten av røyrlegging mellom
program og standard inn og standard ut ( dette vil vi gå
igjennom seinare i kurset ). For det andre, utviklinga av
nye verktøy og applikasjonar var mykje enklare under UNIX
enn andre operativsystem, dette førte til ein formidabel
vekst i utviklinga av nye kommandoar og vidareutvikling som
vi også ser idag. Denne enkelheten i programvare-utvikling
og vedlikehold var eit direkte resultat av filosofien bak
UNIX. For det tredje : UNIX inneheld ei
heil rekke av ein-jobbskommandoar. Dette er ikkje alltid ei
velsigning for brukarar fordi du gjerne må lære
deg ei heil rekkje med kommandoar for å utføre ein
funksjon som du berre treng ein kommando for i andre
operativsystem. Likevel vedgår mange brukarar at
vanskeligheten med å lære seg mange kommandoar blir
meir enn oppvegd av fleksibiliteten og styrken ein
oppnår med verktøybegrepet.
Next: Det moderne UNIX-systemet,- for
Up: Introduksjon
Previous: Sagnet og det kontroversielle
Trond.Kandal@itea.ntnu.no