Next: Modifikasjonar til modus
Up: Emacs
Previous: Utgang til skall
Emacs har fleire uavhengige modus som tillet effektiv
redigering på forskjellige typar tekst. Det finst spesifikke
modus for C program, troff,
LISP og LATEX,-
for å nemne nokre ...Vanlegvis vil emacs finne ut
kva slags fil det er,- ut frå filnamnet og vil innta rett modus.
Innrykk, nøsting, linjedeling, og andre funksjonar oppfører seg
forskjellig i dei forskjellige modi. Den eksakte lista over alle
modus er avhenging av versjon og kor mange tilleggsfunksjonar
systemansvarleg har lagt inn ...Ein kan tvinge emacs til
å bruke eit bestemt modus ved å sette inn ein spesiell streng
på starten av fila. Modus-kommandoen må vere den første
linja i fila. Skriv -*- både framfor og etter namnet
på det modi ein vil bruke for denne fila.
-*- nroff -*-
Dette vil velge ei modus som er fin for redigering av nroff
dokument. Sidan denne linja inngår i dokumentet må ein gjere
denne linja til ei kommentar-linje i det ``språket'' ein
redigerer.
Trond.Kandal@itea.ntnu.no