next up previous contents index
Next: Utgang til skall Up: Emacs Previous: Klipp og lim i

Søk og erstatt i emacs

Emacs har mange gode søke operatorar som kan lokalisere tekststrengar eller regulære uttrykk i bufferet. Kommandoen C-s ( for search ) startar aksjonen, og emacs spør etter strengen. Søket startar på ståande posisjon og fortset til enden på bufferet. For å søke bakover brukar ein kommandoen C-b. Når strengen er lokalisert kan ein søke på nytt etter sen same strengen ved å trykke C-s for å søke vidare i same retning eller C-r for å reversere søkeretninga.

Ein kan bruke ei likanande prosedyre for å substituere strengen etter at emacs har funne den. Kommandoen M-x replace-string startar operasjonen. I dette tilfellet startar ein inn strengen replace-string etter M-x og trykker <RETUR> etter dette, dermed vil emacs spørre etter strengen som skal erstattast. Trykk <RETUR> når ein er ferdig og emacs vil spørre etter strengen som skal settast inn. Emacs vil erstatte alle forekomstar av den første strengen med den andre,- ver forsiktig !.

For at det ikkje skal vere nødvendig å ta så stor risiko som ved forrige kommando, finst ein kommando som vil sørje for kvar forekomst den finn. Dette er kommandoen M-x query-replace, denne fungerer på same måte som den forrige, bortsett frå at no vil den hoppe til første forekomst og vente der, trykk y eller <Space> for å erstatte strengen med den nye strengen. I tillegg finst det ein likande kommando som heiter M-x query-replace-regexp som er basert på regulære uttrykk. Neste kapittel omhandlar regulære uttrykk.


next up previous contents index
Next: Utgang til skall Up: Emacs Previous: Klipp og lim i
Trond.Kandal@itea.ntnu.no