Next: Søk og erstatt i
Up: Emacs
Previous: Merking i emacs
Når materiale blir sletta frå tekst-bufferet, vil
emacs holde materialet i ein slags slette stakk. Dei
siste åtte slettingane vert vedlikeholdt på denne stakken.
Vanlegvis vil ein slette tekst ved å gå til starten på
blokka, sette merke, gå til enden av blokka og slette den med
C-w. Teksten er ikkje borte, så no kan ein berre gå til
riktig posidjon og trykke C-y. For verkeleg å slette eit
heilt område, slett det med C-w, og gløym det.
Ein kan sjølvsagt bruke C-y til angre dersom ein slettar
feil tekst, sidan emacs vedlikeheld denne stakken.
Emacs har også separate angre kommandoar.
Kommandoen M-w kopierer tekst frå ståande posisjon til
merke, og legg teksten på slette stakken. Denne
kommandoen forandrar ikkje teksten i ståande buffer, så derfor
blir denne kommandoen saman med C-y brukt til å kopiere
tekst innan for det same bufferet eller til andre buffer.
Trond.Kandal@itea.ntnu.no