next up previous contents index
Next: Filosofien bak UNIX Up: Introduksjon Previous: Introduksjon

Sagnet og det kontroversielle rundt UNIX

UNIX er spesiell sidan den har ein evne til å trekke til seg veldig standhaftige forsvarar og like standhaftige kritikarar. Alle som har brukt UNIX har ei eller anna meining, for eller imot. Tilhengarskaren snakkar om eleganse, kraft og fleksibilitet, medan mostandarane snakkar om knapp syntaks og rare kommandonamn, den dårlege dokumentasjonen og kompleksiteten ved å administrere eit UNIX-system. Vanlegvis finn ein dataekspertar i tilhengarskaren, medan nybegynnarar fell i mostandsgruppa. Eg håpar med dette å få fleire over frå mostandsgruppa til å bli tilhengarar. Akkurat som med lommekalkulatoren vart det laga av ekspertar som skulle ha det til eige bruk, då UNIX vart laga vart det lagt vekt på fart og nøyaktighet på bekostning av nybegynnarar. På grunn av fordelane med UNIX vart det likevel flytta frå ekspertnivå til vanlige brukarar utan at ekspert funksjonane vart fjerna til fordel for uvante brukarar, det vart ikkje gjort anstrengelsar for å gjere UNIX meir brukarvennleg. No i seinare tid har ein starta å tenke litt på ¨vanlege¨ brukarar, det vanskelege er å lage eit brukarvennleg system utan å øydelgge alle dei gode eigenskapane ved UNIX. Det som er nytt f.eks i System V release 4 frå AT & T er dette.
Som eit resultat av desse og andre forandringar så er ikkje lenger den gamle kritikken på sin plass. UNIX er framleis eit kraftfullt og komplekst operativsystem, men over tid har det vorte meir vanleg, kontrollerbart og brukervennleg. På grunn av historien rundt UNIX som eit system for ekspertar og fordi det har vokse opp eit form for sagn rundt UNIX. Ser ein tilbake i tida så har dei fleste guruane lært faget ved å lytte til ekspertar. Sjølv med dagens implementasjonar hjelper det å ha ein ekspert aa spørje når ein kjem til dei innerste hemmelighetane i UNIX.
next up previous contents index
Next: Filosofien bak UNIX Up: Introduksjon Previous: Introduksjon
Trond.Kandal@itea.ntnu.no