Next: Lagre buffer
Up: Emacs
Previous: Starte emacs
Under emacs kan ein splitte vinduet slik at ein kan vise og redigere to
buffer i dedt same vinduet. Ein kan lese ei anna fil inn i eit anna buffer med
kommandoen C-x C-f, ein kan splitte skjermen i to ved kommandoen
C-x 2, emacs vil spørre om namn eller nummer på det nye
bufferet. Sjølv om emacs kan ha 12 buffer inne samstundes kan den
berre vise to buffer om gongen. Deretter kan ein returnere til berre eit buffer
ved å taste C-x 1, igjen vil emacs spørre etter namnet eller
nummeret på det bufferet som skal visast i vinduet. Sjølv om ein ikkje viser
innhold av buffer på skjerm eller i vindu,- ligg framleis innholdet i minnet
under oppsyn av emacs. Før ein kan avslutte emacs vil den
spørre om ein vil lagre eller ignorere alle forandringar på dei buffer
som er endra. Ein kan hoppe til neste buffer med kommandoen C-x C-o,- eller
ein kan vise alle buffer med C-x C-b.
Trond.Kandal@itea.ntnu.no