next up previous contents index
Next: Deling av vindu Up: Emacs Previous: Fundamentale konsept ved emacs

Starte emacs

Ein kan starte emacs med eit filnamn som argument:

zevs# emacs fila.mi
Emacs vil ikkje godta fleire filnamn som argument. Fila, dersom ein oppgjev det, vil bli lesen inn i hoved ( eng: main ) til emacs. Andre kommandoar er +n, der n er eit nummer, vil medføre at emacs vil plassere markø0ren på linje n når den startar. Det finst ei rad andre argument som ein kan spesifisere på kommando-linja,- særleg i kombinasjon med X-Windows.

Etter at emacs er lasta,kan ein lese fleire filar inn i andre buffer, og redigere på opptil 12 filar samstundes. Kommandoen C-xC-f les ei fil inn i eit nytt buffer. Dette er forskjellig frå0 kommandoen C-xC-f som les ei fil inn i ståande buffer og markerer bufferet berre for lesing. Kommandoen C-x C-i les ei fil fil inn i ståande buffer ved ståande markør-posisjon utan å slette innholdet av bufferet. Alle desse kommandoane spør etter namnet på fila.


  
Figure 8.1: Eit typisk vindu for emacs
[IMAGE ]

Her er eit typisk vindu etter at emacs er lasta. Øverst ser vi ståande linje og alle omliggande linjer,- ein kan sjølvsagt forandre størrelse på vinduet med emacs-kommandoar f.eks C-x C-m ( for change mode. I den utheva linja lenger nede i vinduet ser vi namnet emacs, deretter filnamnet eller buffer namnet og modus og/eller opsjonane som er sett ( ``Fundamental'' i dette tilfellet. Til slutt viser emacs kor stor del av fila som er over toppen på vinduet. Bindestrekane --- indikerar at fila har ikkje vorte forandra sidan ein starta å redigere,- dette vil forandre deg til -**- så snart ein forandrar innholdet i bufferet. Den siste linja i vinduet er ei spesial-linje som skal inneholde informasjon, reservert for beskjedar og kommandoar.


next up previous contents index
Next: Deling av vindu Up: Emacs Previous: Fundamentale konsept ved emacs
Trond.Kandal@itea.ntnu.no