Kommandoar for å flytte markøren, lese og lagre filar, åpne fleire linjer, osv. er spesielle sekvensar av tastetrykk som startar med eit tastetrykk på ESC eller CTRL. For eks, for å avslutte emacs må0 ein bruke sekvensen CTRL-X etterfølgt av CTRL-C. I emacs terminologi vert desse sekvensane gjerne oppgjeve som C-x C-c,- der C står for å holde nede CTRL-tasten medan ein trykker x og c. Andre kommandoar blir innleia med ESC, f.eks som kommandoen ESC-d, som slettar neste ord. I emacs terminologi vert desse kommandoane oppgjevne som M-d, der M står for Meta,- likevel meinar ein ESC-d. Det som er viktig å huske på er at alle tegn-sekvensar som ikkje startar med CTRL eller ESC vert oppfatta som tekst. Heretter vil eg holde meg til denne notasjonen for kommandoane under emacs. Emacs brukar stort sett alle CTRL sekvensar for korte funksjonar, medan sekvensar som C-x og M-x introduserer lenger sekvensar med spesifikke betydningar, som f.eks C-x C-s for å lagre buffer eller M-x-? for å vise alle kommandoar som er tilgjengeleg.
Der er også ein slags laus logikk i bruken av CTRL og ESC under emacs. CTRL-kommandoane opererer vanlegvis på enkelte tegn og linjer, Meta-kommandoane på ord og setningar,- og CTRL-Meta-kommandoane er ein slags kompleks kombinasjon av begge.
Mange foretrekk den modus-lause måten å betene emacs på framfor dei tre modus under VI, sjølv om kommandoane under emacs er vansklegare å lære.