Next: Emacs
Up: Redigering med VI
Previous: Konfigurering av VI
Ein kan få data frå standard ut frå alle
kommandoar inn i tekst-bufferet med :
:r !kommando
Dette les standard ut frå kommandoen inn i fila
på ståande linje. På same måte :
:w !kommando
blir innholdet i tekst-bufferet standard inn til
kommando. Ein kan også filtrere ein del av
fila gjennom ein røyrledning, slik som her :
34,47 !kommando
Dette skriv linjene f.o.m 34 t.o.m. 47 inn i standard inn
til kommando, slettar desse linjene, og erstattar
dei med dataene frå standard ut frå kommando.
Til slutt vil eg berre anbefale eit formateringsverktøy
fmt som flettar saman korte linjer. Prøv :
:1,$ !fmt
på ei test-fil for å sjå korleis dette fungerer.
Dette er iallefall ein enkel måte å sikre at alle
linjene har ei passeleg lengde.
Trond.Kandal@itea.ntnu.no