next up previous contents index
Next: Filtrering av tekst inne Up: Redigering med VI Previous: Klipp, kopier og lim

Konfigurering av VI

VI har mange opsjonar som kan forandre oppførselen. Desse opsjonane kan settast på to måtar, ved hjelp av den såkalla set-kommandoen eller ved ein miljø-variabel. Kommandoen set kan brukast inne i VI i linje-modus eller ved hjelp av ei oppstart-fil som heiter .exrc . Oppstart-fila skal ligge på heime- katalogen. Miljø-variabelen heiter EXINIT , dersom miljø-variabelen eksisterer vil VI bruke den istaden for oppstart-fila. Personleg likar eg betre løysinga med oppstart-fil. Eg trur det har lite hensikt å ramse opp alle opsjonane som kan brukast til å sette opp VI. Dei som er nok interessert til å bruke denne editoren vil også greie å grave opp dokumentasjon. Det som kanskje er interessant i denne samanhengen er ein også ein kommando som heiter map , denne kan brukast til å omdefinerer tastar slik at enkle taste-trykk kan få VI til å gjere komplekse operasjonar. Dessverre så er denne funksjonen vanskeleg slik at det er eit fåtal personar som mestrar dette.

Trond.Kandal@itea.ntnu.no