Next: Sagnet og det kontroversielle
Up: Brukerkurs i UNIX
Previous: Skrivemåte i dette kurset
Operativsystemet UNIX har iløpet av dei siste 20 åra
gått frå å vere eit eksperiment i data-teknikk til
å bli det mest innflytelsesrike og mest populære
datamaskin-miljøet i verda. Idag kjøyrer fleire millionar
datamaskiner UNIX som operativsystem, ifrå små mikro-maskiner
til stormaskiner og superdatamaskiner. Veksten ser
berre ut til å auke etter som brukarar og utviklarar blir
klar over UNIX sin fleksibilitet, kraft og eleganse.
Det er fleire unike eigenskapar med UNIX som har gjort dette:
- [Program verktøy] UNIX introduserte ein ny ide
innanfor databehandling: problem kan løysast og applikasjonar
kan lagast ved å knytte saman små enkle delar. Desse
smådelane er gjerne hyllevare som er laga for å gjere
ein liten jobb,- og gjere den skikkeleg. Store applikasjonar
kan ein bygge ut frå enkle sekvensar av kommandoar. Denne
filosofien har også sine greiner ut i utviklingsmijøet
der mange bibliotek av subrutiner har vorte laga, dermed
forenklar det oppgåvene med å utvikle nye
applikasjonar. Dette konseptet om gjenbruk av programvare er
ein av dei mange grunnane til at UNIX er eit produktivt
miljø å arbeide i.
- [Portabilitet] UNIX kan kjøyrast på nesten
alle minimaskiner og større datamaskiner som har blitt
bygdt. No når personlege billige datamaskiner har fått
den prosesseringskrafta som tidlegare var reservert for
stormaskiner vil UNIX vere ein naturleg valg.
Berre små endringar og tilpasningar
har vorte gjort for å gjere UNIX tilgjengeleg på
personlege datamaskiner,- og det er no alment godtatt at det
finst ikkje eit like portabelt operativsystem som UNIX. Verdien
av denne portabiliteten kan ikkje overdrivast fordi programvare
utvikling er både dyrt og tidkrevande. Utviklinga av større
program kan spenne over fleire år. Desse applikasjonane er
gjerne utvikla for eit spesifikt operativsystem,- dersom ikkje
dette operativsystemet ikkje blir fulgt opp med maskinvare er
investeringa bortkasta. Det er alment godtatt at UNIX har det
som skal til når det gjeld programvare-mijø,- det
miljøet som gjer det lett å flytte applikasjonar
mellom personlege datamaskiner til superdatamaskiner, mellom
eldre og nyare maskin-arkitekturar, og mellom forskjellige
versjonar av UNIX.
- [Fleksibilitet] Ein av grunnane til at UNIX er
så attraktivt for programvare og maskinvare er
fleksibiliteten. UNIX er blitt tilpassa til å vere
prosess-styringssystem i fabrikkar, automatiseringssystem
i telefon-sentralar og personlege spel og leiketøy. Nye
funksjonar og kommandoar vert stadig lagt til,- og mange
systemutviklarar foretrekkjer å bruke UNIX som ein
slags arbeidsbenk for applikasjonar. Eigentleg er det
så enkelt å utvikle applikasjonar at det er
vanskeleg å oppdage at det er UNIX som ligg i botnen.
- [Kraft] UNIX er kraftigaste operativsystemet
som er tilgjengeleg uavhengig av datamaskinarkitektur.
Den reine og enkle kommadosyntaksen gjer at brukarar kan
gjere mange operasjonar fort og enkelt som ikkje ein gong
er tilgjengeleg på andre operativsystem. Brukarane
kan ha stor fordel av alle dei innebygde kommandoane
som finst i UNIX, som oftast er dette applikasjonar
som ein må kjøpe ( dyrt! ) på andre plattformer
( dersom dei eksisterar ). Ingen operativsystem er har
større mulighetar enn UNIX.
- [Fleirbrukar og fleirprosess] Sidan UNIX er
eit tidsdelt fleirprosess miljø, kan det gjere meir
enn ein jobb om gongen. Det er vanleg for ein brukar
i eit UNIX-miljø å skrive til ei fil, skrive ut
ei fil til skrivar, sende e-post til ei anna maskin,
og bruke eit elektronisk rekneark samstundes. UNIX er
bygdt for å utføre ein brukar sine krav med eit
minimum av kraft. UNIX er også eit fleirbrukar- miljø
som undersøttar aktivitet frå
fleire brukarar samstundes. Det er ikkje uvanleg at
store stormaskinversjonar kan handtere fleire hundre
brukarar samstundes, og kvar av desse brukarane har
det same synsvinkelen av systemet som ein einsleg
brukar har på ei personleg datamaskin.
- [Eleganse] I dei fleste kretsar er UNIX
sett på som eitt av dei mest elegante
operativsystem. Med ein gong brukarar forstår basis-prinsippa
i UNIX kan dei gjere veldig mange ting
på ein lettvindt og enkel måte. Brukarar
som kjem frå UNIX til andre operativsystem oppdagar
at det som såg så enkelt og greitt ut under UNIX
ikkje ein gong er tilgjengeleg på andre plattformer.
Utviklarar av andre system låner ofte idear og tema
frå UNIX for lage deira eigne system betre og
større funksjonalitet.
- [Netverksorienteringa] Moderne versjonar av
UNIX er organisert for enkel og funksjonell bruk i
nettverk. Systemet har innebygde kommunikasjons-
verktøy, enkel tilpasning av lavnivå drivarar
for maskinvare og eit fleksibel organisering av fil-systemet
som er naturleg for dagens nettverksmiljø,
der brukarar på personlege arbeidsstasjonar deler
enkelte sentraliserte ressursar som data og
kommunikasjonsenhetar. Etter at datamaskiner vart brukt
i arbeidsgrupper, fekk nettverksmulighetane i UNIX
større og større betydning. Idag har vi alt
frå små lokale nettverk til verdensomspennande
høghastighetsnett. UNIX med sine mulighetar for
fleirprosessering og med ei rekkje av programvare for
kommunikasjon gjer databehandling i nettverk enkelt og lett.
Desse punkta som eg har lista opp er det som gjer at UNIX har
opplevd ein stor popularitet, særleg dei siste åra. Det
ser ut som UNIX fortsatt vil vekse og vidareutvikla. De fleste
vil før eller seinare kome bort i UNIX på ein eller annan
måte, og mange vil kome til å bruke UNIX
på personlege datamaskiner.
Next: Sagnet og det kontroversielle
Up: Brukerkurs i UNIX
Previous: Skrivemåte i dette kurset
Trond.Kandal@itea.ntnu.no