next up previous contents index
Next: Konfigurering av VI Up: Redigering med VI Previous: Klipp, kopier og lim

Klipp, kopier og lim ved hjelp av linje-nummer

Linje-modus har kommandoar som kan bruke linje-nummer for å kopiere og flytte blokker med tekst. For eksempel kan ein bruke kommandoen :

:3,5m9
til å flytte linjene f.o.m. 3 t.o.m 5 til etter linje 9. På same måten med :

:3,5t9
vil den kopiere linjene f.o.m. 3 t.o.m 5 til etter linje 9. Dersom ein skal kopiere berre ei linje oppgjev ein berre eitt nummer, f.eks :

:6t12
Linje-nummer kan eigentleg vere fulle regulære uttrykk som adresser, det skal vi sjå nærare på i neste kapittel.

Trond.Kandal@itea.ntnu.no