Next: Klipp, kopier og lim
Up: Redigering med VI
Previous: Gjenta siste kommando
VI har mange interne lagringsplassar, eller buffer.
Blokker av tekst kan takast ut av ei fil og inn i eit buffer,
deretter tilbake til fila frå bufferet. Det eksisterar eit
standard buffer i tillegg til hovedbufferet, ein kan gje namn
til slike buffer, namnet består av eit tegn. Nå ein
gjer operasjonar på bufferet brukar ein dette namnet for
å referere til bufferet. Desse operasjonane verkar frå
kommando-modus. Desse operasjonane er i UNIX-terminologi kjent
som yank ( kopier )og put ( lim ). Alle
operasjonane verkar på blokker av linjer, for å klippe
ei linje må dele linja i to og klippe ut den delen ein vil ha.
Ein kan kopiere ein del av teksten inn i eit buffer med
Y ( yank. Y kan ta antal linjer den skal
kopiere. Kommandoen :
7Y
vil kopierer ståande og dei 6 neste linjene inn i standard
bufferet. Etterpå kan ein flytte markøren dit ein skal
og trykke p ( put ) og teksten vil bli lima inn
etter ståande linje. P vil lime inn teksten ovanfor
ståande linje.
For å gjere ein cut ( klipp ) og paste ( lim
) kan ein slette ei blokk med linjer med ein kommando som f.eks
7dd. Dette slettar ståande linje pluss dei 6 neste
linjene frå fila. Det som eigentleg skjer er at denne
blokka blir lagt i standard bufferet, slik at etter at ein har
posisjonert markøren kan ein berre trykke p eller
P for å lime alt inn igjen i fila.
Når ein har lima inn innholdet i bufferet vil innholdet
framleis eksistere slik at ein kan gjere fleire
lime-operasjonar. Så snart ein gjer ein anna
redigerings-kommando vil innholdet forsvinne, og siste operasjon
vil erstatte innholdet.
Ein kan lagre tekst i buffer meir permanent ved å gje
bufferet eit namn, ved å angje ¨ for eit tegn.
7¨aY
Denne kommandoen vil kopiere 7 linjer inn i bufferet a.
VI kan ha 26 slike buffer samstundes. Eit slikt buffer
kan kopierast inn i teksten igjen med kommandoen :
¨ap
som kopierer innholdet i bufferet a inn i fila etter
ståande linje.
Next: Klipp, kopier og lim
Up: Redigering med VI
Previous: Gjenta siste kommando
Trond.Kandal@itea.ntnu.no