Next: Slette tekst
Up: Redigering med VI
Previous: Søking etter tekst
Fleire operatorar entrar tekst-modus og tillet endring av
eksisterande tekst. Kommandoen r etterfølgd av
eit tegn erstattar tegnet under markøren med det tegnet
ein tasta inn. Kommadoen returnerer til kommando-modus,
sidan den forandrar berre eit tegn. Kommandoen R
gjer at ein kan forandre så mange tegn ein vil, med
start på ståande posisjon. Denne kommandoen
returnerar ikkje til kommando-modus, men ein kan berre
forandre til enden på linja. Når ein trykkjer
ESC etter denne kommandoen vil alle tegn som ikkje
vart overskrevne eksistere som før. Kommandoen
C verkar nesten på same måte som R,
men den har ein viktig forskjell, heile linja blir
forandra sjølv om ein berre tasta inn eit tegn før
ein går tilbake til kommando-modus.
For å slå saman ståande og neste linje trykkjer
ein J ( join ). Skal ein dele ei linje er det
enklaste å skifte til tekst-modus i den posisjonen
ein vil dele linja og sette inn linje-skift ved å
trykke RETUR.
Trond.Kandal@itea.ntnu.no