/strengvil søke etter streng i bufferet. Kommandoen fungerer på same måte som andre kommandoar i linje-modus. Når ein skriv inn / vil markøren hoppe til siste linje og alle tastetrykk gjev ekko på skjermen, søket startar når ein trykker RETUR. På same måte kan ein søke bakover i bufferet med ? . Når ein har funne ein forekomst kan ein søke etter neste forekomst med / eller ? pluss RETUR. Det går også an å gjenta søket berre ved å taste n ( for neste ). Legg merke til at når ein brukar / og ? kan ein skifte retning for søket. VI lagrar søke-strengen, dersom ein ikkje har spesifisert ein søkestreng vil VI gje feilmelding :
/ No previous regular expressionSøkestrengen kan vere mykje meir avansert enn enkle tekst- strengar, vi vil gå igjennom regulære uttrykk seinare i kurset.