next up previous contents index
Next: Flytting rundt i bufferet Up: Redigering med VI Previous: Skifte frå kommando-modus til

Tekst-modus

Dei fleste kommandoane i tekst-modus er intuitive. Når ein står i tekst-modus vil stort sett alt bli oppfatta som tekst. Dersom ein gjer ein feil kan ein slette dei siste tegna med slett bakover heilt til ein kjem til venstre margen, VI vil ikkje tillate å slette tekst bak starten på linja. For å redigere forrige linje må ein skifte til kommando-modus og posisjonere seg til feilen og rette opp. CTRL-W slettar ståande ord utan at ein treng å gå ut av tekst-modus. Ein vanleg feil er å skrive kommandoar medan ein er i tekst-modus, utan å trykke ESC først. Sjølv VI-ekspertar gjer denne feilen, eller gjer den motsette feilen ved prøve å skrive tekst når ein er i kommando-modus. Denne feilen er meir destruktiv, fordi ein kan gjere opptil fleire feil og det kan ikkje rettast opp ved å skrive u. Den einaste måten å unngå store feil i denne forbindelsen er å lagre fila ofte.

Trond.Kandal@itea.ntnu.no