Next: Lese inn filar
Up: Introduksjon
Previous: Avslutte VI
Linje-modus blir brukt for å lese inn og lagre filar
mellom det interne tekst-bufferet og permanente filar i
filsystemet. Bruk :w for å lagre fila. Ein
vil vanlegvis gjere dette før ein avsluttar VI
, men ver klar over at VI skriv over fila på
disken. Det anbefales å lagre fila ganske ofte slik
at ikkje editeringsfeil blir så katastrofale.
VI utfører ikkje automatisk lagring eller
sikkerhetskopiering medan ein arbeider med ei fil.
Ein kan forandre filnamnet ved å angje eit stinamn
etter :w:
:w nyttnamn.fil
Dette lagar ein ny fil med det nye namnet, VI vil
gje ekko på kommandoen, f.eks :
:w nyttnamn.fil
"nyttnamn.fil" 12 lines, 593 characters
Denne meldinga vil kome fram på siste linje og erstatte
:w-kommandoen. Dersom fila eksisterer allereie vil
VI gje feilmelding og nekte å lagre ( vanlegvis,
dette går an å konfigurere ! ).
:w nyttnamn.fil
"nyttnamn.fil" File exists - use "w! nyttnamn.fil" to overwrite
Ein kan tvinge VI til å overskrive fila uansett
og øydelegge innholdet på den gamle fila ved å
legge til ein ! etter :w, som opplyst i feilmeldinga.
Dersom ein ikkje har tilgang til å forandre fil-innholdet
vil VI gje denne feilmeldinga:
:w! nyttnamn.fil
"nyttnamn.fil" Permission denied
I dette tilfellet kan ein forandre rettighetane til fila (
dersom ein kan det ) eller skrive innholdet i bufferet til
eit anna filnamn.
Det går an å skrive berre ein del av bufferet ved
å angje området av linjer som skal lagrast. Dette
gjer ein ved å angje den første linja etter :,
etterfølgd av eit komma, deretter siste linje som
ønskjer å lagre:
:4,18w nyttnamn.fil
Berre linjer f.o.m 4 og t.o.m 18 vil bli lagra i fila, og
det interne bufferet i VI vil vere uforandra.
Ein kan kombinere lagre- og avslutte-operasjonen med
kommandoen :
:wq nyttfilnamn.fil
Denne kommandoen lagrar innholdet i bufferet og returnerer
til skallet. Frå kommando-modus kan ein også
bruke kommandoen ZZ som eit synonym for :wq
for å lagre innholdet og returnere til skallet.
Next: Lese inn filar
Up: Introduksjon
Previous: Avslutte VI
Trond.Kandal@itea.ntnu.no