Next: Avslutte VI
Up: Introduksjon
Previous: Modus i VI
Linje-modus blir brukt til å gje enkelt-kommandoar på
siste linje. Når kommandoen er ferdig, returnerer
VI tilbake til kommando-modus, som vi ser er linje-modus
særdeles kort-liva. Dei andre to modi er aktive heilt til
ein eksplisitt skiftar ut av dei.
Når ein er i skrive-modus kan ein skifte til kommando-modus
ved å trykke ESC-tasten, som er merka ESC
på mange tastatur. Ein kan gå tilbake til skrive-modus
ved taste ein av skrive-kommandoane som vi skal gå gjennom
seinare i kapitlet.
Kvar modus oppfører seg forskjellig, og har sitt eige
kommando-sett. Linje-kommandoar blir vist på den siste
linja etter kvart som ein taster inn kommandoane, medan
kommandoane i kommando-modus vil ikkje gje ekko ( det finst
unntak ...).
Trond.Kandal@itea.ntnu.no