next up previous contents index
Next: Skifting mellom modus Up: Introduksjon Previous: Oppstart av VI

Modus i VI

Editoren har tre modus. Modus er forskjellige tilstandar som editoren kan vere i til forskjellige tider. Ein kan hoppe frå modus for å utføre forskjellige operasjonar. VI har tre modus, kommando-modus, skrive-modus og linje-modus. I kommando-modus kan ein gje kommandoar direkte til editoren, i skrive-modus kan ein skrive inn tekst i bufferet og ein kan skifte mellom kommando- og skrive-modus. Dette er ofte ei kjelde til feil, det er lett å gløyme kva slags modus ein står i. Dersom ein skriv inn kommandoar i skrive-modus vil dei bli ein del av innholdet i fila, og prøve å skrive tekst medan ein er i kommando-modus kan gje rare forandringar i fila. Den interne set-kommandoen   kan brukast til å skrive ut modusen på skjermen. Denne kommandoen skal vi gå igjennom seinare, men foreløpig kan ein bruke kommandoen :  

: set showmode
for å skrive ut ståande modus på skjermen. I den tredje moduset, linje-modus, kan ein gje linje-orienterte kommandoar som blir vist på den siste linja på skjermen. Tegnet : gitt frå kommando-modus skiftar til linje-modus, slik at set-kommandoen son vart vist er eit eksempel på linje-modus. Ein kan berre skifte til linje-modus når ein står i kommando-modus, dersom ein stod i tekst-modus ville :-tegnet bli skrive inn i bufferet som tekst. Når ein entrar linje-modus med :, vil markøren hoppe til siste linja på skjermen og VI vil vente på kommando.
next up previous contents index
Next: Skifting mellom modus Up: Introduksjon Previous: Oppstart av VI
Trond.Kandal@itea.ntnu.no