zevs% vi gammel.fil zevs% vi ny.fil zevs% vi gammel.fil ny.fil zevs% viAlle desse eksempla er lovlege kommandoar. Dersom ikkje filane eksisterer vil VI opprette dei. Dette er ein vanleg metode for å opprette filar i UNIX. Dersom ein inkluderer meir enn eitt filnamn i parameter-lista, vil VI editere ei fil om gongen ved å laste den første inn i tekst-bufferet når ein startar programmet. Det finst kommandoar for å skifte mellom filar, men VI har ikkje mulighetar for å editerere på to filar samstundes. Alle VI-kommandoar blir utført på ståande filnamn, dersom ein startar opp VI utan filnamn vil VI verke på same måte men ein må oppgje eit filnamn før ein får lov å lagre bufferet tilbake til filsystemet. Ser vi på eksempla vil VI starte opp med første linje som ståande linje. I tillegg til filnamn kan VI ta imot ei rekkje andre parametre på kommando-linja. Ein kan bruke + opsjon etterfølg av eit linje-nummer for å gjere den til ståande linje ved oppstart. Eksempel:
zevs% vi +34 gammel.filDenne kommandoen vil gjere at linje nummer 34 vil bli ståande linje ved oppstart.
zevs% vi +$ gammel.filDenne kommandoen gjer at VI vil starte på siste linje i fila.
zevs% vi +/streng gammel.filEin kan også bruke denne formen for å få VI til å søke etter streng og gjere den linja med det første treffet til ståande linje. Faktisk kan ein bruke alle tilgjengelege kommandoar i VI etter +, og VI vil utføre kommandoen før den oppdaterer skjermen.
Vanlegvis fyller VI heile skjermen med tekst, unntatt den nederste linja, denne blir brukt til informasjon. Dersom fila er så kort eller ei ner på enden av fila, vil VI fylle den delen av skjermen som ikkje er i bruk med tomme linjer som startar med tegnet [IMAGE ] ( tilde ). Dette markerer ei ubrukt linje. Når ein lastar VI utan filnamn vil heile skjermen ha tilde-tegn på venstre sida, sidan det ikkje er tekst i bufferet. Alle linjer i det interne bufferet er numerert, vanlegvis vil ikkje linje-nummer bli skreve ut på skjermen.