next up previous contents index
Next: Oppstart av VI Up: Introduksjon Previous: Introduksjon

Sette terminal-type

For å bruke VI på mange forskjellige terminalar, må ein fortelje programmet kva slags terminal ein brukar. Dette gjer ein ved å sette ein miljø-variable som heiter TERM  . VI og andre fullskjermsprogram les denne miljø-variabelen når dei startar opp og justerer utdataene til skjermen mest mulig effektivt. Ein set miljø-variabelen med:

$ TERM=ansi
$ export TERM
$
Terminaltypen ansi er det korrekte formatet for ANSI og andre liknande terminalar. Den andre kommandoen , export TERM, tillet også sub-skall til å bruke TERM-variabelen på lik linje ned innloggings-skallet. Dette eksemplet var for Bourne-skall,- dersom ein skal sette TERM for C-skall:

zevs% setenv TERM ansi
zevs%
Dei fleste terminaltypar blir støtta av TERM-variabelen. Dersom ein gjer ein feil når ein set TERM-variabelen, vil fullskjermsprogram skrive rare tegn og tegn-sekvensar på uventa tidspunkt ut på skjermen. Det er vanleg å sette TERM i oppstartfilane .profile  for Bourne-skallet eller .cshrc  for C-skallet. Vanlege PC-ar brukar vanlegvis TERM=AT386 for innlogging på konsollet. Brukar ein xterm skal ein bruke TERM=xterm, ved innlogging frå ein vanleg terminal brukar ein TERM=ansi, vt100 eller vt220, dette brukar å verke i dei fleste tilfella.
next up previous contents index
Next: Oppstart av VI Up: Introduksjon Previous: Introduksjon
Trond.Kandal@itea.ntnu.no