next up previous contents index
Next: VI Up: Filsystemet Previous: Oppretting og sletting av

Kopiering og flytting av filar

Nå ein har oppretta filer vil ein gjerne kopiere dei til nye filar eller endre namn på dei eller slette dei dersom ein ikkje har bruk for dei meir. Til kopiering har ein kommandoen : cp  (copy). Skal ein kopiere ei fil til ei anna fil,- tek kommandoen to parametre. Eksempel:

zevs% cp fråfil tilfil
Skal ein kopiere fleire filar til ein katalog kan kommandoen ta fleire fråfiler som parameter,- men berre EIN katalog som mål. Eksempel :

zevs% cp fråfil1 fråfil2 ...til-katalog
Av og til så har ein bruk for å gje filar nye namn,- då brukar vi kommandoen mv  (move). Denne kommandoen kan også brukast til å flytte filar til andre katalogar. Denne kommandoen tek dei same parametre som cp. Eksempel:

zevs% mv fråfil tilfil
Skal vi flytte fleire filar. Eksempel :

zevs% mv fråfil1 fråfil2 ...til-katalog


Trond.Kandal@itea.ntnu.no