next up previous contents index
Next: Oppretting og sletting av Up: Navigering Previous: Ståande katalog

Endre ståande katalog

For å endre ståande katalog brukar ein cd   ( change directory ). Det er to måtar å oppgje stinamn til der ein vil flytte seg, ein kan oppgje absolutt stinamn (slik som pwd gjorde) eller relativt til ståande katalog. For å skifte katalog absolutt startar ein stinamnet med ¨/¨ og brukar ¨/¨ som skilje mellom katalognamn. Eksempel:

zevs% cd ..
Her vil ein skifte til katalogen over. Skal ein skifte til ein katalog under skriv ein berre katalognamnet. Eksempel:

zevs%pwd
/home/zevs/ifi/trondk
zevs%cd Mail
zevs%pwd
/home/zevs/ifi/trondk/Mail
zevs%
Andre måtar å gjere det på:

zevs%pwd
/home/zevs/ifi/trondk/text/unixkurs
zevs%cd ../../bin
zevs% pwd
/home/zevs/ifi/trondk/bin
zevs%
Har ein ¨rota¨ seg vekk i hierarkiet kan det vere lurt å skrive cd utan parametre, vil ein hamne tilbake på sin eigen heime-katalog.

Trond.Kandal@itea.ntnu.no