| 777 | |
| - | 002 |
| = | 775 |
Dette er ein kommando som typisk blir brukt i oppstart-filane for skall.
7
:
Ingen rettighetar
6
:
Kjøyre
5
:
Skrive
4
:
Skrive og kjøyre
3
:
Lese
2
:
Lese og kjøyre
1
:
Lese og skrive
:
Lese, skrive og kjøyre
Altså dersom ein utfører kommandoen umask 002 vil alle filar ein opprettar etter denne kommandoen teoretisk få tilgangsrettighetane:
| Eigar | Lese, skrive og kjøyre |
| Gruppe | Lese, skrive og kjøyre |
| Andre | Lese og kjøyre |
I praksis vil ikkje filar som ein opprettar få kjøyre-tilgang utan at ein spesifikt ber om det,-- unntaket er når ein kompilerer filar med ein kompilator for å lage eit kjøyrbart program. Som regel vil den kjøyrbare fila ha kjøyretilgang fordi kompilatoren vil sette det direkte.
Eksempel:
arion% umask 002
arion% touch fila.mi
arion% ls -l fila.mi
-rw-rw-r-
1
troka
ifi
Feb
25
13:18
fila.mi
arion% rm fila.mi
arion% umask 000
arion% touch fila.mi
arion% ls -l fila.mi
-rw-rw-rw-
1
troka
ifi
Feb
25
13:18
fila.mi
arion%
Som regel vil ein kjøyre kommandoen umask 022 i oppstartfila for skallet,-- dvs. følgande tilgang:
| Eigar | : | Lese, skrive og kjøyre |
| Gruppe | : | Lese og kjøyre |
| Andre | : | Lese og kjøyre |
Dersom ein skriv kommandoen umask utan parametre vil den skrive ut gjeldande verdi. Då også gjerne på formen 22 ,- dvs. at kommandoen ikkje skriv ut 0 . Det går også an å angje parametrane på same måte til umask .
| 2 | : | Nekt skrivetilgang for andre. |
| 22 | : | Nekt skrivetilgang for gruppe og andre. |
| 27 | : | Nekt alle rettighetar for andre og skrivetilgang for gruppe. |
| 77 | : | Nekt alle rettightar for gruppe og andre. |
Personleg likar eg best å skrive parametre til umask på formen 022 for å forsikre meg om at det blir rett tilgang.