next up previous contents index
Next: Sette standard tilgangsrettighetar Up: Filsystemet Previous: Forandre eiger og gruppe

Forandre tilgangsrettighetar

  For å forandre tilgangsrettighetar har vi kommandoen chmod  ( CHange MODe ). Denne tek dei nye rettighetane og filnamn som pararmetre. Eksempel:

zevs% chmod 0755 fila.mi
zevs%
 
Her har eg brukt den oktale måten å spesifisere tilgangsrettighetane. Den oktale representasjonen er:
       
Kjøyring ( Execute ) : 1
Skrive ( Write ) : 2
Lese ( Read ) : 4
       

Ut frå desse oktale talkodane kan vi konpinere ulike samansetningar og ulike rettighetar. Eksempel:
     
7 : Lese, skrive og kjøyre
6 : Lese og skrive
5 : Lese og kjøyre
4 : Lese
3 : Skrive og kjøyre
2 : Skrive
1 : Kjøyre
  : Ingen tilgangsrettighetar
     

Kommandoen tek ogsaa symbolske namn for aksess-retighetar,- der tegn-kombinasjonar står for kven som skal ha tilgang og for tilgangsrettighetar:
     
u : Eigar ( user )
g : Gruppe ( group )
o : Andre (others )
     

Tilgangsrettighetane er symbolisert med:
     
r : Lese ( read )
w : Skrive ( write )
x : Kjøyre ( execute )
     

For å sette rettighetane må ein bruke ein operator:
     
+ : Legge til rettigheten
- : Fjerne rettigheten
= : Sette ekplesitt likt etterfølgande tegnstreng
     

Legg spesielt merke til at når ein brukar likhetstegnet blir alle rettighetar sett på nytt. Eksemple:

zevs% chmod u+w fila.mi
zevs%
Legge til skrive-aksess for eigar.

zevs% chmod u=rwx,g=rx,o=rx fila.mi
zevs%
Eigar får alle rettighetar, gruppe får lese- og kjøyre-tilgang, alleandre har lese- og kjøyre-tilgang.


next up previous contents index
Next: Sette standard tilgangsrettighetar Up: Filsystemet Previous: Forandre eiger og gruppe
Trond.Kandal@itea.ntnu.no